søndag 31. oktober 2010

Votter frå "Votteboken 2"

Dei fyrste vottane eg strikka frå Votteboken 2 var "Heges votter" og "Vildes votter". Dette var et bursdagsønske frå systera mi, og ho blei veldig glad for gåva!

"Heges votter"
Mønster: Heges votter fra votteboken 2
Garn: Falk frå Dale-garn
Pinne: nr 2,5 og nr 3



"Vildes votter"

Mønster: Vildes votter frå votteboken 2
Garn: Falk frå Dale-garn
Pinne: nr 2,5 og 3



Eg blei så nøgd med desse at eg blir rett og slett nødt til å strikka desse til meg sjølv også, men det får bli når litt fleire julegåver er ferdige ;)


lørdag 30. oktober 2010

Vottebøker

Systera mi fann den perfekte gåva til bursdagen min dette året. For i posten dukka nemlig Votteboken 2 av Lillill Thuve opp og den har mange utroleg fine vottar! Eg blei kjempeglad! Eg er stadig på jakt etter nye oppskrifter på vottar og nå hadde eg plutseleg veldig mange.

Denne boka er verkelig verdt å ta ein kikk i om ein er glad i å strikka vottar

Eg har også saumfart biblioteket for bøker med votte-oppskrifter i. Dei fleste er veldig gamle bøker, og er ikkje å få kjøpt lengre. Ettersom eg ikkje kan få kjøpt bøkene, pleier eg å skanne bøkene slik at eg har oppskriftene sjølv etter at boka er levert tilbake til  biblioteket. 

Her er nokon av dei bøkene eg har funne.
Frå venstre; Norske Votter av Lillill Thuve, Votteboken av Lillill Thuve og Vinterstrikk av Anne-Stine Thuve.

Det verkar som at dei Thuve-jentene verkeleg kan dette med vottar!  Eg vil etter kvart poste dei vottane eg har strikka frå desse bøkene :)

fredag 29. oktober 2010

Hekta på selbuvotter!

Eg har lagt min elsk på selbuvottar! Etter mitt fyrste par var eg hekta, og nå strikkar eg nesten ikkje noko anna. Her er nokon smakebitar av det eg har laga, meir kjem snart :) (ps. er ikkje strikkekurven min super søt? :P)



Selbuvottar i fleng!


torsdag 28. oktober 2010

Mariusgenser

Dette prosjektet skulle bli starten på min store strikkekarriere. Eg fann ut sist haust at eg hadde lyst på en Mariusgenser og enklaste måte å skaffe seg ein var å strikka ein fann eg ut! Mamma meinte på at det var litt ambisiøst som fyrste store strikkeprosjekt, men eg køyrde på. I starten var det vanskelig å sjå enden, men det gjekk overraskande fort på fram, den var ferdig før jul! Sjølv om eg likar den originale Mariusgenseren, bestemte eg meg for å strikka den med ein vri, eg valde fargane svart, kvitt og grått, på denne måten kunne eg bruke den til alt.



Eg likte veldig godt å strikka denne genseren, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir strikka ein til! (sjølv om det tok veeeldig land tid!) Den blei forresten strikka i Falk frå Dalegarn, eit garn eg likar veldig godt og brukar ofte.

Var ganske så stolt når denne vart ferdig strikka!
Sidan eg ikkje har strikka nokon genser før, har eg heller ikkje montert ein genser før. Då er det godt å ha ein snill mamma som hjelper til, ho monterte heile genseren for meg! :) Eg bør nok læra meg å gjera det sjølv på sikt, men resultatet blei uansett bra!

Ferdig!

onsdag 27. oktober 2010

Min nye strikkeblogg/hobbyblogg!



Velkommen til min blogg! På denne bloggen tenkte eg å dele mine hobbyprosjekter, men det er også fare for litt kvardagspjatt innimellom, og kanskje litt frå min ikkje så handarbeidsrelaterte hobby; reising! Men nå fram mot jul vil det for der meste gå i strikkeprosjekter ;)