søndag 27. februar 2011

Nytt strikkeprosjekt, ny strikkeveske!

Eg fekk for ei lita stund tilbake forespørsel om eg ville strikka ein mariusgenser til baby. Det ville eg sjølvsagt, og fekk endelig starta på denne nå i helga. Men fyrst fann eg ut at eg måtte laga meg ei litt større stikkeveske til å ha dette prosjektet i!


Denne strikke veska blei litt breiare enn planagt, ettersom den såkalte økonomen skulle gjere ein hovudrekning og rekna feil. Neste gång brukar eg kalkulatoren!




Her er framgangen på genseren i løpet av helga :)




Mens eg var i gang blei det sjølvsagt fleire strikkevesker :P



Ha ein fortsatt fin sundagskveld!

lørdag 26. februar 2011

Selbuvott til baby med namn

Har strikka desse selbuvottane til baby på oppdrag. Babyen heter Julie og det var ønske om å få namnet på votten, det var godt namnet var kort for då lot det seg gjøre :) Håper dei blir nøgde med resultatet!


Selbuvott til baby :)

torsdag 24. februar 2011

Dagens fangst Stoff & Stil

Etter skulen i dag drog eg og ei veninne ut til Stoff og Stil. Det var egentlig berre eg som skulle ha noko, men vi gjekk nokså fullhendte ut begge to! Det var utruleg mykje fint stoff der og glidelåser var superbillig, så eg hamstra sjølvsagt slik at eg kan laga mange nye strikkevesker :)

Dagens fangst på Stoff & Stil :)



Desse kom i posten til meg i går.


Nå trur eg at resten av kvellen skal gå til å lage ei stor strikkeveske, for mitt neste strikkeprosjekt treng litt større plass! :)

onsdag 23. februar 2011

Bursdagsgave!

På tirsdag hadde ei veninne av meg bursdag og eg hadde sjølvsagt laga presang til ho. Kan nesten ikkje huske sist eg kjøpte presang i staden for å laga dei :P Ho blei super-glad for den!


 Strikketøyveske, etui til pinner og russesokker :)


Måtte sjølvsagt sy på navn også :P

tirsdag 22. februar 2011

Oppskrift på strikkeetui for rette pinner

Har nå fått oppskriften fra mamma på strikkepinneetuiet som eg har venta på, og tenkte å dele det med dere :)

Etuiet måler 50 x 60 cm (b x h)

Det er brukt to tøy stoffer med tynn vatt i mellom. Dette for å gjøre etuìet mer stabilt.

Det er mange måter å sy sammen  på. Om en vil kante med en annen farge eller om en bare bruker brettekant. Husk at det er etter hvor mye du vil gjøre ut av etuìet som avgjør arbeidsmengden.

  1. Klipp  2 bakstykker på 50 x 60 cm av det stoffet som du har.Klipp et like stort stykke med vatt som legges mellom stoffstykkene.
  2. Klipp et stoffstykke på 50 x 60 cm  og vatt på 50 x 30 cm. Dette stoffstykket skal være til de lange pinnene. Høyden på 60 cm skal brettes, slik at høyden blir 30 cm og vatten legges mellom det brettede stoffstykket.(markert blått på tegning)
  3. Klipp et stoffstykke på 50 x 30 cm som blir til de korte pinnene.Klipp vatt til dette som skal være 50 x 15 cm.Høyden på 30 cm skal brettes og vatt skal legges mellom det brettede stoffstykket. ( markert lilla på tegning)
  4. Jeg har brukt Quilt Basting Spray slik at stoffstykkene ligger godt sammen og ikke vil gli.
  5. Etterpå legges kortpinnestykket på plass oppå langpinnestykket og det  nåles fast.
    Nå brukes en quiltelinjal på 60 cm for å markere med kritt/blyant inndelingene til pinnene.
    Inndelingene: 3-2,5-2,5-2,5-2,5-3-3-3-3-4-4-5-6-6cm
  6. Ønsker en å legge på kant på stoffstykket til de lange pinnene, må en gjøre det nå.
  7. Nå sys strikkepinne nummerene på med Quiltelabben. Det beste er å tegne numrene på med en hvit blyant før du syr. Går i grunnen nokså fort.
  8. Det går an å legge sammen alle delene nå, og sy fra øverst på langpinnestoffet og helt ned til enden av kortpinnestoffet.Var redd noe ville forskyve seg , dermed sydde jeg fra øvre kant på kortpinnestoffstykket og ned. Det vil si 15 cm i høyde . (se røde piler)  Sydde alle inndelingene med mønstersøm, valgt på symaskinen.
  9. Etterpå nålte jeg dette sammen med bakstykket, og sydde videre opp inndelingene til langpinnene. ( svarte piler)
    Til slutt kantet jeg rundt med et stoff som gav litt fiffen effekt.

    Lokket brettes over langpinnene, og deretter brett først en gang fra begge sider inn mot midten, deretter en gang til. Satte en stor trykknapp for å holde det sammen.

    Til pynt foran ble det laget en liten applikasjon  med navn.


Strikkeetui: bredde x høyde

50cm x 60cm

Håper dette kommer til nytte for noen av dere lesere :)

tirsdag 15. februar 2011

Helgas produksjon!

Det blei mykje sying i helga, og her er resultatet:




Nå har eg fått med meg utstyr opp til Bergen, så eg reknar med at produksjonen fortsett her :)

søndag 13. februar 2011

Strikkeveske(r)

Nå har eg endeleg fått prøvd meg på strikkeveske. Eg hadde som sagt ikkje mønster, så det blei litt prøving og feiling, men eg fekk det til til slutt! :)

Forsøk nr. 1: Her hadde eg faktisk fått rett mål, men eg klarte å snu stoffet feil veg, og derfor blei veska alt for lang. Men eg fann ein bruksplass for den også, prosjekter på langpinne! Så intet arbeid forgjeves :P

 Strikkeveske forsøk 1, dette var heldigvis berre me noko "prøvestoff" eg fann heime :P



Neste veske blei mykje betre med tanke på mål, nå fekk eg snudd stoffet RETT veg, og målene blei då ca slik eg hadde berekna :)


Strikkeveske nr 2


Til denne laga eg også etui som rommer to sett strikkepinner og saks.



Den siste veska blei ein smule mindre, men dette var pga at stoffet var litt kortere og eg ville klara å pressa inn to stk på den stoffbiten eg hadde, noko som gjekk heilt fint, og størrelsen blei super :)


Strikkeveske nr 3

Inspirasjon til desse har eg funne på nette, og mål har eg tilpassa litt etter kva formålet med veska er.  Skal etter kvart lage eit mønster på det og dele det her :)

tirsdag 8. februar 2011

Siste rest av uglestoff i hus!

I dag kom den siste pakken med uglestoff i posten. Stoffet fallt umiddelbart i smak, og eg gler meg til å starte på dette prosjektet!

Supersøtt uglestoff!

søndag 6. februar 2011

Djevellue til baby

Her er resultatet frå prosjektet eg starta på tidlegare i veka. Det blei ei djevellue til baby! Desse synast eg er supersøte, til tross for navnet, og det kjem nok til å bli laga fleire slike :)

Mønster: Djevellue frå Myk Start 0-3 mnd
Garn: Babyull
Pinne: nr.2,5

lørdag 5. februar 2011

Endelig er Votteboken i hus!

Til min bursdag i fjor fikk eg "Votteboken 2" av Lillill Thuve som gåve frå systera mi, og var superfornøyd med den. Men sidan dette var bok nr. 2, vil det sei at det også er ei bok nr.1. Denne ville eg sjølvsagt ha kloa i, men det viste seg å blir vanskelig da den var gått ut av produksjon. Også "Norske Votter" av same forfatter var umulig å oppdrive. Men tidligare i veka gjekk eg tilfeldigvis innom nettsia deira og fann ut til min store begeistring at Votteboken ville vera i salg frå og med 1.feb 2011. Eg bestillte den med det same! To dagar seinare kom den i posten :)


I denne boka har dei samla dei beste oppskriftene frå "Votteboken" og "Norske Votter".
Denne kan bestillast her.

Nå skal det strikkast vottar du! :)

fredag 4. februar 2011

Pakke i posten og enda eit nytt prosjekt :)

I dag låg det ein pakke og venta på meg i postboksen. "Det gjekk da fort", tenkte eg, ettersom eg bestillte dette på mandag, men glad blei eg! Eg har nemleg kjøpt meg stoff til eit nytt prosjekt, hovedsakleg uglestoff fordi det er så super søtt! Og det eg har tenkt å prøve å lage er ei strikkeveske! Har sett ein del av desse på nett, og har lagt min elsk på dei. Men eg har ikkje mønster, så det må eg lage sjølv. Blir det vellykka kan det hende eg legg det ut her :) Eg har ein symaskin i boden, som sikkert er eldre enn meg, men som aldri sviktar, likevel trur eg at eg ventar til neste helg når eg skal heim til Karmøy og mamma. Der er symaskinen vesentlig meir fancy (sjølv om eg ikkje heilt fattar han), og ikkje minst, der er det mamma-hjelp å få :P Eg har sydd på symaskin frå eg var ganske liten, men det var aldri hovudhobbyen så eg er ikkje heilt stødig på alt, og då er mamma god å ha!


Eg fekk til og med personlig lapp inni pakken, snakk om kundeservice! :)

Vist nokon har tips, råd eller mønster sett eg stor pris på det :)

Ha ei god helg alle saman!

torsdag 3. februar 2011

Nytt prosjekt

Etter at eg blei ferdig med det siste votteparet trang eg eit nytt prosjekt. Prosjektet eg enda opp med ser foreløbig slik ut:

Ser dere hva dette skal bli? :)

onsdag 2. februar 2011

Ferdig!

I går strikka eg ferdig votten min!


Mønster: Mønstrede votter frå heftet "Til Fjells 0712"
Garn: Trysil super wash
Pinne: nr. 3