Det er ulike måtar å strikke hæl på, tenkte å vise dei to ulike eg kan her på bloggen. I dette innlegget vil eg ta for meg den hælen som er strikka på
uglesokkane mine.
Strikk ned til der hælen skal begynne:
Om du fylgjer ei oppskrift står det som regel kor mange masker som skal strikkast i hælen, men viss ikkje så pleier det ofte vera ca halvparten av maskene. Sett dei maskene som skal vera med på hælen på ein eigen pinne. Du skal nå strikke att og fram kun på desse maskene.
Fyrste maske i kvar omgang tar du av laust. Det skal vera glattstrikk, så du strikkar rett bort og vrangt tilbake.
|
Ta fyste maska laust av |
Strikk rett bort
Og vrangt tilbake
Slik fortsett du til du har fått ein slik firkant som dette. Eg har her 26 omgangar.
Sett frå baksida
Du har nå strikka det stykket som skal gå ned til der sjølve hælen er. I mitt eksempel har eg 32 masker på pinnen og tar utgangspunkt i dette i eksempelet:
Ta laust av fyrste maske, og strikk så 18 masker. Ta så ei maske laust av, strikk neste maske, og ta så den lause maska over. Strikk ei maske.
Ta av ei maske laust og strikk så 1 maske.
Ta så den maska du tok laust av, og trekk over den maska du nettopp strikka. Strikk 1 maske etter dette.
Etter dette snur ein arbeidet, sjølv om ein ikkje har strikka ferdig pinnen. Ta fyrste maske laust av, og strikk 7 masker vrangt. Strikk så to masker vrangt saman. Strikk så ei maske.
Strikk to masker saman vrangt. Du gjer akkorat slik som når ein strikkar ei vrangt, men tar med to i slengen. Strikk 1 maske vrangt etter dette.
Snu arbeidet igjen, og strikk til 1 maske før "gapet", gjenta same prosedyre her med å ta av 1 maske laust, strikk ei, ta over, og strikk 1 maske. Snu arbeidet. Strikk vrangt tilbake til 1 maske før gapet, strikk 2 saman vrangt, og strikk så 1 maske.
Gjenta dette heilt til du har "brukt opp" alle maskene på sidene. Då vil hælen sjå slik ut:
Ein stk. ferdig hæl!
Når dette er gjort må ein ta opp masker langs sida, slik at du knyttar hælen til sokken igjen. Då skal du benytte dei 13 "løkkene" som har danna seg etter at du strikka att og fram tidlegare.
Desse maskene skal du ta opp.
Slik ser det ut etter at du er ferdig med hælen.
Du skal nå ta opp 15 masker på kvar side. Det skal vera 13 "løkker" som du skal ta opp, pluss 1 maske mellom pinne 1 og 2, og ei maske mellom 2 og 3. Det er ikkje så kjempenøye, så lenge du får tatt opp 15 masker uten at det blir nokon store hull.
Ta opp 15 masker langs sida.
Etter at du har tatt opp 15 masker langs sida, strikk over dei neste to pinnane, slik a du kjem til andre sida. Ta opp 15 masker også her.
Her er det tatt opp 15 masker på kvar side. Slik eg har nummerert pinnane er at den nederste til venstre er nr. 1 og så går det klokkevis, slik at den nederst til høgre er nr. 4.
Nå startar du med å strikke rundt som før. Men på anna kvar omgang skal du felle i slutten på pinne 1 og starten på pinne 4:
Strikk pinne 1 til det gjenstår 4 masker. Strikk to masker saman og strikk ut pinnen. Strikk så pinne 2 og 3. På pinne 4 strikkar du 2 masker, så tar du ei laust av, strikkar ei, og drar den lause over. Dette skal gjennta anna kvar omgang, og du skal felle til saman 7 ganger (dvs. 14 masker)
Når dette er gjort er det berre til å strikke sokken så lang du vil ha den, og så felle av for tå (vil kome innlegg opp tåfelling seinare). Det vil også etter kvart komme eit innlegg om den type hælen som eg har strikke på vaffelsokken min :)
Håpar dette er forståelig for deg som ikkje har strikka hæl før. Er berre til å ta kontakt om noko skulle vera uklart.
God strikking! :)