Ja, for eg har starta på eit hekleprosjekt!
I min helklekarriere så er alt eg har laga desse bordskånarane her. Med andre ord, dette er ikkje noko eg har gjort mykje av. Difor startar eg lika så greit på eit kjempestort teppe, med ei oppskrift eg ikkje kan lese (antageligvis av den grunn at eg er dødsdårlig til å lese hekleoppskrift) og som antageligvis tek ein halv evigheit! Godt eg har ein mamma som kan hekle! Muligens ein smule ambasiøst, men det teppet trur eg ville blitt aå fint på den nye sofaen min (som tar 100 år før han kjem!), så i kjent stil så set eg berre i gong og håpar på det beste ;)
Og i anledning nytt-stort-hekleprosjekt så må eg jo ha noko å oppbevare prosjektet i, så kvifor ikkje sy ein fin strikkepose? Det har eg aldri laga før, men satte i gong. Dikta litt underveis, og i løpet av eit kvarters tid så var denne laga, enkelt og greitt:
Med fin fint uglemønster på! (var einaste stoffet eg hadde tilgjengelig) |
Surt vær ute, fint strikkevær inne, heldigvis er det blitt betre vær nå :) (bilete blei tatt for nokre dagar sidan) |
Ønsk meg lukka til!