søndag 26. august 2012

"For people allergic to wool, one's heart can only bleed."

Ryddedag. Æsj! Men slike dagar må til når ein endeleg har fått seg ein fin fin leiligheit. Så eg tok turen til Ikea med BUSS, for å kjøpe innredning til skapet slik at det blir litt organisering i all rotet. Resultatet blei bra, til tross for to veldig vonde skuldrer (det tar på å måtte bære alt fra og til bussen!). Av 8 skuffer, var eg så heldig at eg blei tildelt 6 stk! Det starta med 5 (vi er jo tross alt 2 i denne leiligheita), men når han såg all garnmengda så gav han meg ei ekstra ;) 

Ingen problem å fylle opp 6 skuffer nei!

*Kremt, kremt* nok babyull i alle fall!


Deilig å endeleg ha litt orden på garnet,
og ikkje berre ha det i posar.
Som dykk sikkert ser så er det ikkje mangel på garn! I tillegg til dette har eg pakka ned ei eske som dessverre må stå i boda, eg fekk ikkje lov til å ha all garnet i leiligheita! Hekta på garn ja... Derfor er nåvarande prosjekt henta i frå lageret, ein kan ikkje alltid kjøpe nytt garn (uheldigvis). Eg prøvar også å planlegge dei neste prosjekta min ut ifrå garnlageret, men av ein eller annan merkelig grunn så veks alltid garnlageret mitt likevel! 

onsdag 15. august 2012

Knappeskrinet mitt

Når eg var i Paris for ei lita stund tilbake kom eg over denne superfine knappeboksen. Passa fint med tanke på at eg akkurat hadde gått til innkjøp av treknappar på ebay:

Den fine knappeboksen min
Flaks eg kun hadde bestilt 6 forskjellige sortar, perfekt!

Orden på sakene!
Eg har fått skikkelig sansen for denne funksjonen der du planlegg innlegga dine, og dei tre siste innlegga (inkl. dette) har blitt publisert av seg sjølv mens eg har kost meg på øyhopping i Kroatia. Men i kveld kjem eg forhåpentligvis heim frå turen min, og kan blogge "live" igjen :P 

onsdag 8. august 2012

Den nydelige Clara-vesten

Clara-vesten falt eg pladask for. Noko søtare skal ein leita lenge etter. Og som bonus er den gøy å strikke og går unna i ein fei! Etter salget hjå Drops tidlegare i vår, fann eg noko Baby Merino i skapet som eg tenkte ville passa fint. Det var eigentleg planlagt til eit anna prosjekt, men eg hadde gløymt ut kva, så brukte det lika så godt til dette prosjektet :)

Se så søt!

Baksiden med knapp

Detalj, baksiden

Mønster: Clara
Garn: Baby Merino fra Drops
Pinne: nr. 3
Størrelse: 1 år, men ser litt mindre ut
Garnforbruk: ca 1,5 nøster

Ps. Eg er framleis i Kroatia på øyhopping! :D

torsdag 2. august 2012

Seksti, tallet er 60!

Er ein smule lei desse små runde her, men nå er målet nådd. Seksti. 60 stk av desse her har eg laga. 20 i kvar av dei tre fargane. Desse var nokså keisame å lage, men heldigvis er neste steg noko kjekkare :) Eg har vurdert å utvide teppet mitt noko meir utover desse 60, men eg kjennar eg måtte revurdere det. Det må isåfall tas på sikt, for fleire slike orkar eg ikkje lage nå, men det går nå på fram da! :P 

Fortsettelse følger...

Eg har oppdaga ein ny funksjon her på blogspot. Nemleg det å planlegge innlegga til å publisere seg sjølv på eit tidspunkt eg har valgt. Genialt! Det gjer det faktisk mogleg å la bloggen leve sitt eige liv mens eg er i KROATIA! Hihi, ja for når dette innlegget blir publisert så er eg på øyhopping i Kroatia! Livet er herleg! :)