onsdag 26. september 2012

Perleguri?

Ein ny epedemi har brøte laus her i heimen. Dei gode gamle perlene. Som i rørperler som skal strykast. På vegen heim frå jobben var eg innom Panduro og kjøpte inn perler og perlebrett, klar til å setta i gong! Å gud, så gøy det var! 

Perlemix!
 Smart som eg var så kjøpte eg ein perlemix, "då har eg jo litt av alle fargane", istaden for å kjøpe ein og ein farge. Vel, det resulterte i at eg sat å sorterte perler heile kvelden. Men litt resultater blei det etter kvart, sjølv om det tok litt tid. 

Det var sjølvsagt ein plan bak perlinga. Eg sat ikkje berre her å perla for å perla, neida, her skulle det lagast bordskånerar! Når du har flytta inn i ny leilighet, med nye møbler, er det ganske ukult med flekkar på det nye bordet. 

Så, VOILA: 

Uglebordskånere!
Kanskje ikkje så øveraskande at det blei ugler? Megakule blei dei i alle fall! 
Litt avhengigheitsskapande dette her, så eg var ein smule trøyt på jobben dagen etter!

søndag 23. september 2012

Ein uglepresang!

Perfekt bursdagspresang til ei ugleglad jente! 


Uglesokker!
Mønster: Owlsocks
Garn: Trysilgarn Superwash
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: ca 36
Garnforbruk: 1 nøste mønsterfarge, 2 nøster grunnfarge

torsdag 20. september 2012

MerinoMania!

Jippi, det er salg igjen! Blir alltid så glad når et av mine favorittgarn kjem på salg! :) Drops har nemleg MerinoMania fra 18.september til 9. oktober. Som det ligg i navnet "MerinoMania" er det sjølvsagt merino-ull som er på salg! Merino Extra Fine, Baby Merino og Big Merino kostar nå kun 26,-. Hurra x3! Eg er så heldig å jobbe rett ved garnbutikken Tjorven, og dei har kjempeutval av Drops-garn, så eg stakk innom etter jobb og raska med meg nokre nøster ;) Hverdagsluksus! 

Løp og kjøp!


søndag 16. september 2012

Det enkle er ofte det beste!

Pickle's Enkel vest, produsert på reisefot, og eg kan med dette konstantere at ja, det er jammen meg ein enkel vest! Men så søt den blei!



Mønster: Enkel vest
Størrelse: 2 år
Pinne: nr. 5,5
Garn: Nepal
Garnforbruk: 2 nøster + 30cm

onsdag 5. september 2012

Greetings from Vilnius!

Er det alltid like stille over der?

Basic training kurs i Vinius = ingen blogging og minimalt med strikking. Travelt er vel ordet. Kurs fra tidleg morgon til seint. Og så er det jo alt det sosiale og gruppeoppgaver og det som er. Men litt morosamt er det jo også da! :)

Reknar med at det blir litt betre tid når vi kjem tilbake til kontoret og skal ha "vanlige" dagar, men foreløpig ser nå også det travelt ut. Jaja, slik er det vel å bli voksen og starte i "ordentlig" jobb.

Strikking får ein gjere innimellom slaga. Blei nå eit par masker på sengekanten i dag!