torsdag 28. februar 2013

Lever på kanten...

Eg berre måtte prøve, berre måtte. Det kunne jo gå. Kanskje! Prøv da vel. Kom igjen!



Det gjekk ikkje. 

Men det var nesten. NESTEN!

Spesielt fint at dette garnet er gått ut av produksjon og vesten min er IKKJE ferdig. Great! 
(Ps. det er Duett frå Sandnesgarn farge nr. 5962. Hint hint!)

Revisoren som lever litt på kanten...

tirsdag 26. februar 2013

Nok ein enkel kjole, i silkegarn!

Kjolen er kanskje enkel, men supersøt er den likevel!

Eg var så heldig at eg blei valgt ut til å prøvestrikke eit garn for jentene som har sida Tibialia, og på sensomaren kom det eit nøste med Lorna's Lace Honor i fargen Liliac dumpande ned i posten. Garnet består av 70% alpakka og 30 % silke, og ja, det er faktisk silkemjukt!  Men ting tar tid, så det tok si tid før det blei laga noko av det, eg måtte litt i tenkeboksen. Eg endte opp med denne søte kjolen:

Søte marihøneknappar

Mønster: Super Simple Baby Tunic
Garn: Lorna's Lace Honor
Pinne: nr. 4
Størrelse: 6-12 mnd.

Garnmengde: vil tippe ca 70 g
Garnet var godt å strikke med, og resultatet er kjempemjukt og deilig! Det einaste negative eg syns om garnet er prisen, for det er ein del dyrare enn garn er normalt kjøpar. Men slik er det vel med ein så eksklusiv kombinasjon :) Det går jo til små prosjekter! 

Av garnnøstet på 100 g blei det ein litan rest av dette prosjektet og den måtte eg sjølvsagt utnytte, men resultatet av det får dykk vente litt på ;)


fredag 22. februar 2013

A creative mess is better than tidy idleness

Når sofaen ser slik ut:


Det er då eg kosar meg mest!

God helg alle mann! :)

søndag 10. februar 2013

Flettepannebånd: Oppskrift!

Eg har vore så heldig at eg har fått lov av ho som har laga den flotte oppskrifta på flettepannebåndet til å oversette det og poste det på bloggen min! Så nå kan eg dele denne med dykk, og nå kan dei som har vegring for å strikke etter engelske oppskrifter puste letta ut! ;)

I've been so lucky, that I got premission from the girl who made the wonderful pattern for the "cable knit headband" to translate it to Norwegian, and post it on my blog! Now I can share this with you, and those who panic when they see a English pattern, you can now breath a sigh of relief! ;)



Pannebånd strikka i dobbel tråd Trysil Superwash

Eg strikka det fyrste pannebåndet (på bilete over) i dobbel tråd med vanleg superwash garn med strikkefasthet på 23m. Du kan bruke all garn med ca denne strikkefastheita som f.eks. rubin, mor aase, falk osv. Oppskrift #1 vil vera med slik garn.

Pattern #1 is the original pattern and this will turn out nice with double yarn with gauge of 23 stitches per 10 cm. 

Strikka i enkel tråd Nepal
Eg strikka også nokre pannebånd med Nepal frå drops, det har ei strikkefastheit på 17m. Eg fann noko Nepal-restar som eg kunne tenke meg å bli kvitt, men når eg prøvde oppskrifta med enkel tråd (dobbel blir nok for tjukt), så blei det litt lite og pinglete, så eg gjorde det litt breiare slik at det skulle passe til Nepal også. Oppskrift #2 vil vera tilpassa nepalgarn. 

I adjusted pattern #2 so it would make a nice turnout when you used a singel tread of the yarn "Nepal", that has a gauge of 17 stitches per 10 cm. 


Oppskrift versjon #1 er som følger :

(the pattern version #1 is as follows:)
Garn: ca 1 nøste (eller to halve om du vil) med garn med strikkefasthet på ca 23m.
Pinne: nr. 6,5
Størrelse: den kan du variere sjølv etter kor langt du strikkar det. 
Legg opp 13 masker med dobbel tråd på pinne nr. 6,5. 
Strikk så slik:
Pinne 1: Strikk 13m rett
Pinne 2: Strikk 2m rett , 9m vrang, 2m rett.
Pinne 3: Strikk 2m rett, ta de neste 3m masker over på en hjelpepinne og hold foran arbeidet. Strikk 3m rett, strikk 3m rett fra hjelpepinnen, strikk 5m rett.
Pinne 4: Strikk 2m rett, 9m vrang, 2m rett.
Pinne 5: Strikk 13m rett.
Pinne 6: Strikk 2m rett, 9m vrang, 2m rett.
Pinne 7: strikk 5m, ta de neste 3masker over på en hjelpepinne og hold bak arbeidet, strikk 3m rett, strikk 3m rett fra hjelpepinnen, strikk 2m rett.
Pinne 8: Strikk 2m rett, 9m vrang, 2m rett.
Repeter pinne 1-8 12-13 ganger (eg strikka 12) eller til ønsket lengde. Det lønner seg at det er litt stramt enn litt for løst da det vil utvide seg litt og det skal tross alt sitte godt på hovudet.
Fell av og sy sammen :)

Oppskrift versjon #2 er som følger:
(
the pattern version #2 is as follows:)
Garn: ca halvt nøste med Nepal frå Drops
Pinne: 6,5
Størrelse: den kan du variere sjølv etter kor langt du strikkar det. 
Legg opp 16 masker.

Strikk så slik:
Pinne 1: Strikk 16m rett
Pinne 2: Strikk 2m rett , 12m vrang, 2m rett.
Pinne 3: Strikk 2m rett, ta de neste 4m masker over på en hjelpepinne og hold foran arbeidet. Strikk 4m rett, strikk 4m rett fra hjelpepinnen, strikk 6m rett.
Pinne 4: Strikk 2m rett, 12m vrang, 2m rett.
Pinne 5: Strikk 16m rett.
Pinne 6: Strikk 2m rett, 12m vrang, 2m rett.
Pinne 7: strikk 6m, ta de neste 4masker over på en hjelpepinne og hold bak arbeidet, strikk 4m rett, strikk 4m rett fra hjelpepinnen, strikk 2m rett.
Pinne 8: Strikk 2m rett, 12m vrang, 2m rett.
Repitert pinne 1-8 12-13 ganger eller til ønsket lengde. Det lønner seg at det er litt stramt enn litt for løst da det vil utvide seg litt og det skal tross alt sitte godt på hovudet.
Fell av og sy sammen J

Gi meg gjerne tilbakemelding om noko er uklart i oppskrifta eller om det er noko dykk lurer på :)

Enjoy! J



onsdag 6. februar 2013

Selbuvott

Før jul strikka eg desse vottane i gåve, kjempefint mønster syns eg frå boka "Selbuvotten":

"Yes, I did make it, and no you can't return it"

Selbu i brunt og kvitt

Mønster: #9 frå boka "Selbuvotten"
Pinne: nr. 2,75
Garn: Babyull frå Gjesdal

lørdag 2. februar 2013

Supersøt flettevest

Når eg såg denne vesten hjå Pickles i butikken deira, fall eg pladask. Heldigvis for meg så hadde eg noko passande garn i garnsamlinga mi. Valget fall på garnet Duett, eit garn som nå har gått ut av produksjon hos Sandnesgarn, som eg kjøpte billeg for ei tid tilbanke. Det er ein blanding av ull og bomull, noko eg syns passa perfekt til ein slik vest.




Mønster: Fin flettevest frå Pickles
Pinne: 4,5
Størrelse: 2 år
Garn: Sandnes Duett (Utgått)
Garbmengde: 2 nøster
Vesten var kjempegøy å strikke og det gjekk kjempefort å strikke han. Den er så søt at den er til å ete opp! Det kjem definitivt fleire av denne. Berre synd eg ikkje har nokon å gi han bort til enda, så foreløpig får han ein plass i strikkekurven...