Bladmønster er i vinden for tida, og derfor måtte sjølvsagt eg også strikke noko med det. Men istaden for å strikke "Bella-toppen" som går rundt på bloggane nå for tida, fann eg meg ei jakke eg ville strikka. Jakka er strikka med tjukt garn og tjukke pinnar, med andre ord, den er superrask å strikke!
Oppskrifta på jakka fann eg i hefte "
Knit lace and leaves for baby". Oppskrifta er enkel, og den er lik uansett størrelse, du varierar berre garntjukkelse og pinnestørrelse. Eg valgte eit litt tjukkare garn frå samlinga mi, nemleg Big Merino frå Drops, og jakka skal då bli ca den største størrelsen. Oppskriftboka seier at størrelsen skulle bli ca 3-6 mnd, men eg vil heller tru at den er 6 mnd +++, eller rundt der. Ser einaste at armane blei litt korte, sjølv om eg strikka dei lengre enn oppskrifta, men det er kort modell. Oppskriftshefte har eg kjøpt på
adlibris.no, tidligere capris.no (her kan du også finne boka eg har brukt lengre nede).
|
Supersøtt sett! |
|
Bladmønster |
|
Baksida |
|
Mønster: Leaf Pattern Set frå heftet Knit lace & leaves for baby Garn: Big Merino Pinnar: nr. 4 Størrelse: 6 mnd ++ |
Eg strikka også lue til i same settet:
|
Mønster: Bonnet frå heftet Knit Lace & Leaves for baby Garn: Big Merino Pinne:Nr. 4 Størrelse: 6 mnd ++ |
Eg måtte kjøpe eit ekstra nøste for å bli ferdig med lua (så mykje for lagerslanking), og då var det gar nok til å strikke eit par tøfler til for å gjere settet komplett!
|
Komplett sett! |
|
|
|
|
|