fredag 30. august 2013

På besøk i Pickles nye butikk!

I dag etter jobb tok eg meg rett og slett ein tur til Pickles som har åpna ny butikk i dag. Kan ikkje sei at eg angra, for dette var som å komme inn i en godtebutikk!

Utanfor butikken

Supersøtt garnhus

Garn...

..og meir garn!

Utstillingsvindu

Fikk med meg en goodiebag på kjøpet!

Innholdet i goodiebagen

Litt garn blei sjølvsagt også med heim!

Nå er ikkje butikken like langt borte frå sentrum som før. Den ligg framleis på Grünerløkka, men mykje lengre nede (Markenveien 56 C). Eg tok trikken og gjekk av på Nybrua, derifrå var det kun eit par minutt å gå. Er du i Oslo er det vel verdt å ta turen til den nye Pickles-butikken!

søndag 25. august 2013

Lettstrikka babylue

Mens eg var på ferie i somar blei eg ferdig med strikkeprosjektet eg hadde med meg fortare enn eg hadde rekna med (ja stakkar meg...). Heldigvis var det ein del garn til overs, og då gjalt det å vera kreativ. Flaks for meg har eg alltid ein del oppskrifter liggande på mobilen og valet falt på lettstrikka babylue, da denne er nettopp lettstrikka, og veldig fin! Men eg ville gjere ein vri som eg har sett på fleire bloggar og det var å strikke lua i dobbel perlestrikk. Resultatet blei lekkert, om eg må sei det sjølv! 

Lettstrikka babylue i dobbel perlestrikk

 Eg brukte et TIPS eg fann i ei anna oppskrift når det kom til "samansyinga" av lua, slik at den blir SAUMLAUS! Det er veldig enkelt og greit å få til. Når du har strikka lua så lang som han skal vera før "samansyinga", i mitt tilfelle 8cm, så byttar du rett og slett fra å strikke fram og tilbake, til å strikke rundt og rundt. Voila! Ingen saumar :) Enkelt og greit!

Baksida, utan samansying! 

Mønster: utgangspunkt i "Lettstrikka Babylue"
Garn: Baby Merino
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 6 mnd.
Garnforbruk: under 1 nøste
Det er likar best med denne oppskrifta er at det er så enkelt å lage fleire ulike variantar av denne lua. Eg har allerede starta å pønske ut fleire versjonar!

torsdag 15. august 2013

Garnbutikk, her?

I dei alle fleste tilfeller blir eg veldig glad når eg støter på ein ny garnbutikk og er fyrste mann til å løpe inn! Men når me var på Hawaii og en fann ein garnbutikk i ein kjempelitan bygd på Kauai, må eg sei at reaksjonen var meir lik "Whaaat?!". For kven skulle vel tru at nokon ville kjøpe ULL i denne VARMEN! Og slik er det året rundt, så eg kan framleis ikkje forstå når dei skal kunne bruke ullen. Men det var jo fint for meg, for her i Norge kjem ullen veldig godt med! Og det skal også nevnast at butikken var garnbutikk slasj ukulele butikk. Det var tross alt Hawaii vi var på! 

Stort utvalg av ULL

Eit stykk nøste i fin melert rosa blei med heim :)
 Bygda vi var i heiter Hanalei, og er ein kjempesøt og liten surfebygd. Vi var innom flerie gonger for å ete lunsj og shave ice!

Shave ice er det store på Hawaii, nam!

Søte små boder overalt!