Når ein strikkar det same plagget om att og om att, kan vel dette berre bety at plagget må vera supersøtt? Det er i alle fall det som er tilfellet med ballongbuksa. Eg strikka den først i grønt (ligg fortsatt i gåvekurven), så i blått (gitt bort i barselgåve) og så til slutt i lilla (julegåve). Men den lilla bli neppe den siste av denne oppskrifta! Nok ein gong har eg gjort den same endringen med å strikke fletter. Det står meir detaljert om dette i den fyrste innlegget (den grøne boksa)
Framsida |
Hjerteknappar |
Baksida |
Mønster: Ballonbukse Garn: Dale babyull (farge utgått) Pinnestørrelse: nr. 3 Størrelse: 6-12 mnd Garnforbruk: rett over 2 nøster |
Garnet som blei brukt var eit garn eg kjupte på tilbod i Bergen for lenge sidan. Det var på tilbode fordi fargen var utgått og eg kjøpte to nøster. Dette var sjølvsagt akkurat ikkje nok! Men flax for meg, så kjøpte ei venninne av meg same garnet og hadde eit nøste liggande, slik at eg fekk dei siste meterane som eg trang! Jippi!
Eg fekk sett buksa i action for nokre dagar sidan, og den er faktisk supersøt på også!