Det er vel ingen hemmeligheit at eg har falt pladask for rompertrenden. Eit søtare strikkeplagg skal ein leite lenge etter. Derfor er eg ikkje vond å be når eg ser ei ny romperoppskrift. Denne gongen falt valet på Gustav & Berta si oppskrift "Posebukse uten ben". Den er veldig enkel og plain, men veldig søt!
Garnvalget fall denne gong på Extra Fine Merino etter ein tur innom Pickles, i ein nydelig blåfarge. Garnet er veldig godt å strikke med og blir jevnt og fint. Oppskrifta er enkel, og passar fint som bilstrikk eller tvstrikk, då det er lange partier i glattstrikk og ei vrangbord som føles lang som eit vondt år. Det skal nevnast at å strikke vrangbord er noko av det kjedeligaste eg gjer! Vrangborden strikkast dobbel, slik at den brettast og sys fast etterpå. Men ettersom å måtte montere er endå kjedeligare enn å strikke vrangbord, tok eg å strikka denne saman. Det gjorde eg med å strikke ei maske saman med ei maske i opplagskanten heile veien rundt. Det funker veldig bra! Ein må berre passe på at knapphola kjem korrekt over kvarandre.
Framsida |
Baksida |
Eg har fått dilla på perlemorsknappar, fleire må kjøpast inn! |
Mønster: Posebukse uten ben frå "Strikk til smårollinger" Garn: Extra Fine Merino frå Pickles Pinne: 2,5 og 3,5 Størrelse: 1 år Garnforbruk: 72g |