mandag 14. juli 2014

Posebukse uten ben #2


Denne romperen kjem i veldig begrensa størrelser, kun 6 mnd og 1 år. Eg hadde derimot sett ein miniversjon til nyfødt-3 mnd-ish på bloggen til Gustav og Berta som eg blei heilt forelska i. Og når eg fyrst får ein slik ting for meg, så må eg berre gjennomføre! Så eg satte i gong med å forminske mønsteret. Det var genske enkelt og fort gjort å "endre" mønsteret. 

Framsida, med perlemorsknappar

Eg tok rett og slett og strikka med tynnare garn, mens eg følgte oppskrifta til 6 mnd. Eg brukt Baby Merino frå Drops, mens eg brukte Extra fine Merino når eg laga den i str. 1 år. Resultatet blei heilt perfekt syns eg! Akkurat slik eg hadde sett for meg. I tillegg når eg strikker denne buksa, etter at vrangborden øverst er ferdig, strikkar eg alltid saman kanten før eg går vidare. Då slepp ein å sy denne ned etterpå. Dette gjer ein enkelt med at ein strikkar ei maske saman med ei "maske/løkke" frå oppleggskanten heile vegen rundt. 

Baksida
 Buksa er veldig søt når den er så posete, og eg trur den vil bli veldig søt på. Foreløpig får den ligge i gavehaugen saman med dei andre romparane. Den er i det minste i godt selskap!

Mønster: Posebukse uten ben fra Strikk til smårollinger
Størrelse: ca 0-3 mnd
Pinne: nr. 2,5 og 3
Garn: Baby Merino frå Drops
Garnforbruk: 80g

Hentesett i perlestrikk

Perlestrikk har lenge vore ein favoritt hos meg, og derfor falt eg for hentesettet i perlestrikk frå nøstebarn. Jakka blei strikka for veeeldig lenge sidan, men har dessverre blitt litt glemt bort! Men for litt sida fekk eg det for meg å strikke ei lue til. Lua ser ut til å ha blitt noko mindre enn jakka, men pytt pytt!  
Eg har framleis noko garn igjen, garnet er forresten ein utgått farge (veldig synd) i babyull frå Gjesdal, så ein skal ikkje så vekk ifrå at det blir strikka noko meir til dette settet!


Framsida

Baksida

Jakka har fått små perleknappar

Lue og jakke i perlestrikk

Mønster: Hentesett #1908 Lue frå Nøstebarn
Størrelse: 3-6 mnd.
Garn: Babyull frå Gjesdal
Garnmengde: ca 20g 

Mønster: Hentesett #1908 Jakke frå Nøstebarn
Størrelse: 3-6 mnd
Garn: Babyull frå Gjesdal
Garnmengde: ca 115g


tirsdag 1. juli 2014

Rumper frå G&B

Når eg fyrst såg oppskriftene som skulle kome i boka til bloggen Gustav og Berta var det spesielt ein rumper eg fall for. Og naturlig nok var dette den fyrste oppskrifta eg prøvde meg på når eg fekk tak i boka. Med andre ord blei den strikka for ei stund sidan, men strikkeplagga som kjem av pinnane i det siste har tydeligvis problemer med å finne vegen til bloggen...Håpar dei set opp farten etter kvart!

Garnet som blei benytta til denne romperen var noko eg fann i garnlageret mitt, Mor Aase Ull/Bomull kjøpt på Rema. Eg syns dette garnet er overaskande godt til å vera billiggarn kjøpt på Rema. Eg har strikka i dette før, og syns det er godt å strikke med.


Framsida

Baksida

Mønster: Romper frå Strikk til Smårollinger
Garn: Mor Aase Ull/Bomull
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 9-12 mnd
Garnforbruk: ca 2 nøster (100g)

Det blei litt garn til overs, og då blei det til ei kyselue til frå same boka. 

Romper og Kyselue

Mønster: Kyselue med blondekant frå Strikk til smårollinger
Garn: Mor Aase Ull/Bomull
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 6-9 mnd
Garnforbruk: ca 33g