Romper. Mitt signaturplagg som det har blitt etter kvart. Også denne gong som barselgåve. Håpar dei som får romparane er like glad i romper som meg! Romperen blei gitt i skjønn forening med Olivias omslagsjakke. Til tross for navnet er denne jakka unisex, i alle fall etter mi meining. Jakka har same effekt på armane som "Lun genser" som er strikka for ei god stund sidan, og det er ein effekt eg likar veldig godt!
Sett med lue, omslagsjakke og romper. |
Romperen som blei strikka denne gong kjem frå eit hefte frå Sandnesgarn (nr. 1408) og den har blitt strikka i mini duett, eit blandingsgarn av ull og bomull.
Mønster: Kortbukse med seler frå Sandnesgarn hefte nr 1408 Garn: Mini Duett Pinne: nr. 2,5 og nr. 3 Størrelse: 6-9 mnd. Garnforbruk: 74g |
Omslagsjakka er frå Pickles.no og den er berre supersøt! Eg falt pladask nå eg såg denne i "remake"-versjon for litt sidan, og har venta på ein passande anledning for å strikke denne. Eg syns at denne jakka i kombinasjon med romperen var ein veldig fin kombo!
Mønster: Olivias omslagsjakke frå Pickles.no Garn: Merino Extra Fine Pinne: nr. 3 og nr. 3,5 Størrelse: 3-6 mnd Garnforbruk: 116 g |
Ei lue måtte også til, og sjølvsagt måtte det bli ein Clover Earflap Hat. Eg har faktisk mysta tellinga på kor månge slike eg har strikka! Men fine er dei!
Mønster: Clover Earflap Hat Garn: Mini Duett Pinne: nr. 3 og nr. 3,5 Størrelse: 3-6 mnd. Garnforbruk: 24 g |
Komplett sett! |