Fortsettelse på barselgåva frå forrige innlegg...
Barselgåve til jente |
Ei jakke som aldri går av moten, etter mi meining, og passar like godt til jente som gut, er bølgemønsterjakka som eg kallar ho. Den er så utrulig fin, og bølgemønsteret gjer seg veldig godt. Denne strikka eg i same farge som romperen i forrige innleg.
Mønster: Jakke (nr. 27704) Hefte:Dalegarn hefte nr. 277 Garn: Babyull fra Dalegarn Pinne: nr. 2,5 Størrelse: 2-4 mnd Garnforbruk: ca 100g |
Jakka strikka eg i størrelse 2-4 mnd slik at ho skulle få lang brukstid, og eg har fått høyre av mottakaren at den allereie har blitt mykje brukt, og passer enda! Det er jo alltid gøy å høre.
Eg syns jakka og romperen passar godt saman ettersom dei same flettene går igjen både på toppen av romperen og jakka.
Sukkersøtt sett |
For at sette skulle vera komplett måtte eg også trikke ei hua. Sjølv om det er ei lue som høyrer til jakka, kunne eg ikkje dy meg med å bruke ei av mine favorittoppskrifter; Enkel babylue frå Nøstebarn. Den er så lett å legge strukturmønster på, og har så fin passform:
Mønster: Enkel babylue Bok: Strikk til Nøstebarn Garn: Babyull frå Dalegarn Pinne: nr. 2,5 Størrelse: 3 mnd Garnforbruk:21g |
Lua har mottakaren allereie vekse utav, mens romperen og jakka framleis er passe. Men mora har diska opp med ny lue som ho har strikka sjølv, så då er det jo ingen problem! |
Bølgemønster |
Heile settet komplett: