Systera mi fann den perfekte gåva til bursdagen min dette året. For i posten dukka nemlig Votteboken 2 av Lillill Thuve opp og den har mange utroleg fine vottar! Eg blei kjempeglad! Eg er stadig på jakt etter nye oppskrifter på vottar og nå hadde eg plutseleg veldig mange.
Denne boka er verkelig verdt å ta ein kikk i om ein er glad i å strikka vottar
Eg har også saumfart biblioteket for bøker med votte-oppskrifter i. Dei fleste er veldig gamle bøker, og er ikkje å få kjøpt lengre. Ettersom eg ikkje kan få kjøpt bøkene, pleier eg å skanne bøkene slik at eg har oppskriftene sjølv etter at boka er levert tilbake til biblioteket.
Her er nokon av dei bøkene eg har funne.
Frå venstre; Norske Votter av Lillill Thuve, Votteboken av Lillill Thuve og Vinterstrikk av Anne-Stine Thuve.
Frå venstre; Norske Votter av Lillill Thuve, Votteboken av Lillill Thuve og Vinterstrikk av Anne-Stine Thuve.
Det verkar som at dei Thuve-jentene verkeleg kan dette med vottar! Eg vil etter kvart poste dei vottane eg har strikka frå desse bøkene :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)