torsdag 17. mars 2011

UGLEsokker!

Å gjett om eg blei glad når eg fann dette mønsteret! Eg har som dykk sikkert har sett blitt heilt hekta på ugler i alle fargar og variantar, og når eg datt over dette mønsteret berre måtte eg legge alt til side og strikke dei :P Eg tok det fyrste garnet et fann i strikkekurva, og satt i gang!

Uglesokker i produksjon!



Mønster: Owlsocks
Garn: Safirgarn
Pinner: 2,5

Eg blei kjempenøgd med resultatet, og eg er spesielt nøgd med at eg lærte meg å strikke skikkelig hel mens eg laga dei, så nå kjem det nokk fleire sokkar! Og antageligvis eit par til av desse herlege uglesokkane! :)

2 kommentarer:

  1. Hei. kan du sende meg oppskriften på uglesokkene ? Takk på forhånd. ka-hom@hotmail.no

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei, det er ikkje mitt mønster og eg kan derfor ikkje sende dette til deg pga copyright. Men det er mogleg å kjøpe dette på linken som står i innlegget :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)