Ofte når eg er ute på reisefot (noko som er forholdsvis ofte når ein studerar borte frå heimen) har eg bruk for fleire ulike størrelse pinnar. Spesielt når eg er litt lengre vekke og vil starte på fleire strikkeprosjekter. Det store strikkepinneetuiet blir for tungvindt å dra med seg. Så i dag har eg laga meg eit strikkepinneetui som vil vera veldig praktisk i slike situasjonar:
Når eg fyrst satt meg ned for å laga dette så hadde eg ein litt annan løysning i tankane, men ombestemte meg mens eg holdt på. Resultatet blei at etuiet blei for kort, men då laga eg det om til eit etui for kortare pinnar, noko eg har tenkt å prøve meg på uansett :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)