Kva er det for noko spør du? Berre den meste geniale strikkeduppeditten som nokon gong er oppfunnen! Eg datt over denne på strikkebutikken i Seattle, So much yarn, og kunne berre ikkje gå ifrå den.
Slik ser den ut:
Men kva er det som er så fantastisk med den tingen der? Jo det skal eg fortelle deg, den er multifunksjonell ser du!
Og funksjonane er:
- På toppen finn du ein masketellar, noko som passa ypperlig for mitt nåverande prosjekt sidan der er veldig viktig å vete kva omgang du er på.
- På venstre side finn du heklenål (både liten og stor), det er veldig fint til å fiske opp masker om du skulle miste dei underveis.
- Nede på vestre side er det måleband, stort sett rotar eg alltid målebandet mitt vekk, men nå bør det alltid vera tilgjengeleg ;)
- Oppe på høgre side er det kniv til å kutte tråd med
Men ikkje nok med dette, den har også ei hendig bakside!
I ei luke på baksida finn du dette:
- Samanleggbar saks
- Maskemarkørar
- Nål
- Beskyttelse til strikkepinnetuppane
Viss ikkje dette er genialitet, så veit ikkje eg!
Eit redskap som absolutt alle strikkerar bør skaffe seg :)
Om nokon skulle ynskje å skaffe seg ein slik, har eg funne nokon internettsider som den kan bestillast frå:
http://www.hulucrafts.co.uk/the-knit-kit.htm (på denne siden var den billigast)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)