onsdag 12. oktober 2011

Korleis montere armar?

Det er ein kjennssak at strikkarar vegrar seg når dei må kluppe i strikkeriene sine (meg sjølv inkludert), og gruar seg ofte til monteringa av genser ol. Men etter å ha montert heilt åleine for fyrste gång, så er skrekken kurert! Tenkte derfor å dela mine tips med dykk, i tilfelle nokon av dykk skulle ynskje nokon retningslingjer til når dykk skal montera for fyrste gong.


Det fyrste ein må starta med er å maske saman skuldrene på genseren eller kofta. Den metoden som gir finast resultat (syns eg) er kitcheners stitch som vist på denne videoen:


Eg syns denne videoen er veldig god og det var slik eg lærte meg denne metoden :)

Ferdig samansydde skuldrer

Ein må ofta dra litt i tråden etterpå for å jevne ut stringa elle stramme til, slik at maskene sklir finare saman.

Når dette er gjort må ein byrja å gjera seg klar til å klyppe. Ein må då finne ut kvar armen skal vera, dette står som oftast i mønsteret. Det er ein fin hjelp å ha satt ein hjelpetråd på. Eg valde å sy slik at eg hadde 2 masker på kvar side av hjelpetråden, til saman 4 masker.

Sy med små sting!

Eg hadde stilt inn på 1,5 på min symaskin (veit ikkje om alle har like mål da men) Eg sydde så ned langs dei to maskene så langt armen skulle ned, så sydde eg tvers over til eg hadde sydd over alle 4 maskene (hjelpetråden i midten) og opp ytterts ved dei to maskene på andre sida. Litt vanskeleg å forklara, men du syk på ein måte ein u, berre at den er firkanta nede i stede for ein bue. 


Eg har her to masker på kvar side av hjelpetråden, og sømmen går då over 4 masker.


Når du har sydd dette er det berre til å hoppe i det og kluppe opp! (husk for all del å kluppe opp mellom dei to sømmane, slik at det ikkje raknar)

Etter at det er klyppa opp sydde eg ziggzakk sting langs den oppklipte kanten, berre for å vera sikker på at det ikkje skulle rakne. 

Vreng så genseren/kofta på vrangen og fest på armen. Pass på at oppsida og indersida av armen kjem på rett plass. Så er det berre til å sy den fast. Når eg sydde på armen sydde eg slik; sy eit sting, når du syn neste sting går du tilbake ca halvparten av det forrige stinget, slik at stinga overlappar i kvarandre litt, og slik fortsett du heile vegen rundt (også kalla attersting har eg funne ut i ettertid). Dette gjer at sømmen blir meir elastisk. Litt dårlig forklaring, men berre til å spørre om du er usikker.


Brett så beleggkanten over sømmen og sy fast. 

Gjer det same på den andre armen, og fiks ferdig!



Då er det berre å setta i gong med å strikke hals og eventuelt stolpar om det er kofte du lagar :)

Håpar denne forklaringa kjem til hjelp for nokon av dykk :)

Husk at det berre er til å komme med forslag om det er noko dykk vil at eg skal visa :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)