I slutten av denne månaden er det eit år sidan eg starta bloggen! Jippi! Og mykje har sjedd sidan då :)
Eg har fått mykje fleire lesarar enn kva eg kunne drømt om, spesielt med tanke på at eg bestemte meg for å ikkje reklamere noko særlig for bloggen på facebook osv. Og ikkje minst har eg fått mange hyggelege blogvenner. Mykje av årsaken til at lesarantallet kom seg betraktelig, var nok at eg blei "Helgens blogg". Det gjorde at det var mange fleire som oppdaga bloggen min, kjempekjekt! Og eg set pris på kvar og ein av lesarane mine :)
I denna annledninga, mitt 1 års jubileum, tenkte eg at det var passande å kome med nokre ekstra godbitar denna månaden. Ein smakebit av det som vil kome på bloggen denne månaden:
- Innlegg om korleis strikke selbuvott
- Innlegg om korleis montere på armar på genser
- Oppskrift på flettelua som eg har laga sjølv
- Giveaway
- Og mykje meir sjølvsagt! :)
Noko som ikkje har forandra seg i løpet av dette året er layouten min, og den kjem nok til å forbli slik ei stund til :)
1 års jubileum på bloggen!
Takk for at du har lest bloggen min! :)
Stay tuned om du vil vera med på morroa!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)