Mønster: Garnkurv
Garn: Hubro
Pinne: nr. 12
Pinne: nr. 12
Garnkurven blei ein smule større og slappere enn kva som var meiniga.Straffa for å ikkje bruke same garn som i oppskrifta! Eg fekk meg iallefall ein god latter når eg såg resultatet. Den såg ikkje ut som på bilete til oppskrifta for å sei det slik! Men heldigvis har eg ei venninne som trang ein stor garnkurv, så trur ho skal få den. Eg suns den liknar meir på ein hundekurv! Men eg får prøve igjen, og strikke litt strammare :P
Eg har også vore på shopping, på ein stooor garnbutikk ute i Åsane, eg visste ikkje at den var der eingong! Der tar eg nok fleire besøk :)
Garnkurven ovanfor var eit pauseprosjekt frå kva eg eigentleg held på med for tida. Det tar litt tid ser du! I fare for å røpe ei julegåve vil eg ikkje sei kva det er endå, men eg kan sei at det inneber tynt garn og tynne pinnar...! Slikt tar tid!
Her er fargane eg stikkar med
Eg såg ein genial ting på ein blogg her ein dag, og det var å putte garnnøsta inni ein pose med lukking. Det hindrar kluss med trådane når du strikkar med fleire fargar, pluss garnnøstet kjem ikkje på avveie når du strikkar på toget eller flyet :)
Eg fekk også ein pakke i posten for litt siden, der var det heklepinnar! Alle er ikkje til meg altså, eg bestillte for fleire :P Dei er gode å hekle med (syns eg iallefall) og dei kostar berre 20 kr ca for ein pakke med 5 størrelsar. Genialt!
Eg fekk også små strikkepinnar i bambus i posten i går, men dei har eg ikkje tatt bilete av :P
Ha ei god helg allemann! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)