lørdag 19. november 2011

Rundpinner i bambus

For nokon dagar sidan fekk eg rundpinnar i bambus som eg hadde bestilt frå ebay:


Rundpinnar i 40 cm i ulike størrelsar

Dei kosta sjølvsagt ein slikk og ingenting, så eg er spent på korleis dei er å strikke med. Dei har litt mjukare gummivaier enn dei rundpinnane som du kjøpar på strikkebutikken, men eg håpar dei fungerar for det om. Dei på strikkebutikkane er jo så dyre! Slettens ikkje studentvennlege prisar :P

Er det nokon av dykk som har erfaring med rundpinnar i bambus?
Eg elskar jo bambus, så eg vil så gjerne ha bambus når eg strikkar med rundpinne også :)

Eg veit det er litt lite nye ting som kjem innpå her for tida, men sidan eg BUR på lesesalen (det føles i alle fall slik ut) så blir det ikkje så mykje tid til strikking, men eg håpar eg får tid til litt i kveld når eg kjem heim. Og i tillegg held eg på med eit større prosjekt som aldri ser ut til å ta slutt! Men eg håpar å få snike inn litt småting i ny og ne for det om :)
Strikkelista mi blir jo berre lengre og lengre, så det er nok av prosjekter å starte på
(når ein får tid da)

 Ha ei god helg alle isaman! 

2 kommentarer:

  1. Ugh, kjenner til den! Er overlykkelig over å ikke studere i år! :D
    men jeg hadde faktisk mine mest produktive strikkeperioder i eksamenstiden. Når jeg kom hjem fra lesesalen satt jeg og strikket til jeg la meg. fordi jeg var så stresset og hjernen gikk på høygir, fungerte strikking og titting på tv-serier (samtidig) utmerket for å koble ut eksamen :) hjernen slappet nok ikke av på kvelden, men den tenkte vertfall på noe helt annet enn eksamen ;)

    SvarSlett
  2. Eg har heldigvis kun fram til somaren igjen, då er det slutt og eg er ferdig utdanna, jippi! :D Men du seiar noko der, for eg får også alltid strikka ein del i eksamensperioden. Det er perfekt for å koble ut, så her er det strikking kvar kveld (saman med tv-seriar sjølvsagt) :P

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)