Då var eg endeleg havna på norsk jord igjen, og nå trur eg at eg skal ha jetlagen under kontroll (etter å ha sove til kl. tre i dag!) Har hatt det heilt supert i New York, eit innlegg derfra vil kome snart :)
I mellomtida tenkte eg å vise kva eg har laga nå i det siste, for her har det gått i
Amandastrikk. Snakka om dette prosjektet på
bloggen for ei stund sidan, var då meininga at eg skulle starte med litt slikt strikk etter kvart
(men det tok si tid...) Litt flaut å sei, men eg starta fyrst nå i romjula, men som dei seiar "betre seint enn aldri"! Men til gjengjeld så blei det mykje strikk når eg fyrst starta :P For dei som ikkje allereie veit kva Amandaprosjektet er anbefalar eg å gå på
nettsida deira eller f
acebook-sida deira og lese meir om det. Men i korte trekk går det ut på å strikke lue, sokkar, vottar og tepper til premature barn eller barn født til termin men som er sjuke for å holde dei varme, slik at dei kan bruke all energien sin på å bli friske :) Kjempebra prosjekt!
Her er det eg fekk strikka i romjula:
|
8 små søte luer, alle er strikke i babyull og pinne nr. 3 |
Luemønstrene er frå Raverly.com. Flesteparten av dei er frå
Carissa Browning, oppskriften er blitt oversatt til norsk
her. Her er dei eg har strikka frå dette oppskriftsheftet:
|
Lue med hjarter |
|
Lue med hullmønster |
|
Stripete lue |
|
Lue med hullmønster |
|
Stripete lue |
|
Lue med diamantmønster |
Eg har også strikke
"Swirl Hat" som du også finn gratis på raverly
|
Snurrig lue |
Den siste lua har eg dikta sjølv. Eg tok utgangspunkt i luene frå Carissa Browning og putta på hjerter:
|
Hjertelue |
Dette er ein super måte å bli kvitt restegarn på same tid som du gjer ein god gjerning og i tillegg er dei kjempegøy å strikke! :) Eg har fått heilt dilla og sitter her nå å strikkar endå fleire, så det blir nok fleire Amanda-strikk innlegg ;)
Flotte luer til en god sak! :)
SvarSlettTror jeg skal prøve meg på noen slike.
God helg =)
Takk! Ja eg suns det er ein veldig god sak, også er det så mange søte luer å strikke :)
SvarSlettVil anbefale disse oppskriftene, enkle og kjekke å strikke :)
Det var mye strikk ja! kjempefine luer, og de kommer til å varme små hoder godt:) For en tid tilbake strikka jeg prematursokker og sendte inn:)
SvarSlettVelkommen tilbake til Norge;)
Takk for det :) Håper dei varmer dei små hovudene godt! Her i gården går d foreløbig kun i luer, fant ut at det var det er likte best. Er oppe i 14,5 nå ;)
SlettFlotte luer til en flott sak! Hvor mange masker legger du opp til luene? Lurer på hvor små man må strikke de :)
SvarSlettDet suns eg også! Er liksom ekstra kjekt å strikke når du veit at det går til ein god sak :) På dei fleste har eg lagt opp 72 masker på pinne nr 3, har lagt ved linkt til oppskriftene :) Men har strikke både større og mindre også, det vil snart kome bilete av fleire luer.
SlettHeisann:)Dette prosjektet har jeg lest om før,og syntes det er veldig flott at du har strikket så mange flotte luer til den saken:)Det er godhet i hver maske det:) Syntes prøveluen ble veldig fin og artig. Du har vært i USA nå på nyåret også du? så velkommen tilbake igjen her. Og må du ha en glad ny uke med strikkepinner og garn:)
SvarSlettHei :) Ja det er eit kjempefint prosjekt! Men nå har eg blitt oppmerksom på eit anna prosjekt som sender slike luer til Malawi så kan hende desse blir sendt dit, så får eg heller strikke nye til Amandaprosjektet. Dei frys jo i Afrika også! :)
SlettJa, eg kom heim frå NY forrige veke, så takk for det! :) Ha ei fin veke du også :)