torsdag 9. februar 2012

Melkers hentesett; til gutt

Strikka like så godt ei jakke til eg mens eg var i gong, men denne gong i guttefarger :) Garnet eg har brukt er fyrste gong eg brukar, så eg var litt spent. Det heitar Duett og er produsert av Sandnes Garn. Det består av 55% bomull og 45% merinoull. Det var overaskande godt å strikka med, og resultatet blei kjempemjukt og godt! Perfekt for ein somarbaby! Einaste som er litt dumt er at dette garnet er gått ut av produksjon. Men for å erstatte det så finn du nå garnet Duo, som er same greia, men der er det meir ull enn bomull. Sikkert kjempebra det også, men det så var så fint med dette var at eg fekk det billig ;) Sidan det skulle ut av produksjon fekk eg det til 20 kr per nøste i staden for 42 kr, det er mykje det for ein student, så eg hamstra inn det eg fann av fine fargar :) Du vil utan tvil finne fleire plagg i dette garnet inne på bloggen min etter kvart.

Også denne jakka manglar knappar, men er usikker på kva type knappar som blir finast.
Forslag?

Mønster: Melkers Hentesett Jakke
Garn: Duett frå Sandnes Garn
Pinne: nr. 4
Garnforbruk: 103g
Som du ser på garnforbruket så går det mindre enn 2 nøster i hovedfargen, og ca eit halvt nøste i kontrastfargen. Tilbehør til jakka er under produksjon, alle skal få! :) Heller ikkje denne jakka har ein tiltenkt mottakar, eg berre syns jakka var så gøy å strikke :P Men det dukkar nok opp nokon, den får ligge i gåveeska i mellomtida :)

4 kommentarer:

  1. Kjempefint sett, både til gutt og jente! Jeg er veldig glad i knapper formet som f.eks bamser, biler, sauer, sommerfugl, marihøne og annet. Disse bamseknappene f.eks http://martehelgetun.no/products/bamseknapp-lysebla/ Synes det er gøy med motiver på knappene til barn. :) Noe slikt ville jeg valgt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk :) og takk for knappetips! Har utruleg lite knappar, så eg må nok bestille nokon :P

      Slett
  2. Veldig fin! Synes de rillene som kommer fra vrangomgangene er fine.

    Knappeforslag; jeg synes treknapper er veldig fine! Og etter å kledd på unger som ikke vil ha jakke/genser på (men nudisme er vanskelig her nordpå om vinteren...) så foretrekker jeg knapper som er lette å få gjennom knapphullet, altså mest mulig runde. Gjerne med dekor, men ikke med skarpe kanter.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det :) Likar mønsteret veldig godt sjølv også :) Og takk for knappetips! Har bestillt nokon runde treknappar eg håpar kan passe :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)