Det var nettopp det eg strikka på i Paris, ei Lazy Daisy jakke :) Veldig enkel å strikke og minimalt med montering, just how I like it! Og når den ser bra ut i tillegg så er det vinn vinn. Garnet eg har strikka i, er eit garn eg aldri har prøvd før. Det er frå Mor Aase og heitar "Ull/bomull", og består av 55% merinoull og 42% bomull. Slike type garn er ofte dyre, på garnbutikk kostar dei ofte over 40 kr, men her kosta det berre 27 :) Likar slike garn kjempegodt, og syns det passar nå som det går mot varmare tider. Eg vart godt fornøgd med resultatet, og kjem nok til å kjøpe meir av dette garnet :)
Babymodell søkes, helst i fleire størrelsar, for det er så mykje søtare å sjå klea på ein skikkelig baby! |
Turban-lue blei det også strikka til |
Daisy-strikk. Tenkte å lage eit innlegg på bloggen om korleis ein strikkar daisy :) |
Oppskrift: Lazy Daisy Jakke Garn: Mor Aase Ull/Bomull Pinne: nr. 4 Størrelse:3-6 mnd. Garnforbruk: ca 100g av hovudfargen ca 25g på hver av kontrastfargane |
Søt jakke! Er veldig for at du skriver innlegg om hvordan strikke Daisy, for det er kjempefint mønster, altså! (Kan jo sikkert gå inn på pickles selv for å finne det ut.. men.. nei:P)
SvarSlettTakk :) Hehe, ja då får eg vel berre sette i gong å lage eit slikt innlegg då :P
SlettFavoritten min jo! Nydelig fargekombo :) Har bare strikket denne i strl nyfødt, men må kanskje prøve å strikke denne størrelsen også. Hvor mange masker la du opp til denne?
SvarSlettTakk! Det var faktis etter å ha sett den på din blogg eg fekk lyst til å strikke den :P Link til den oppskrifta eg har brukt ligg under bilete, men eg la opp 97 masker :)
SlettOkei, samme antall som jeg bruker til strl nyfødt altså! Synes mine har blitt så små, iallefall ikke strl 3-6 mnd:)
SvarSlettHm...det stod i allefall 3-6 mnd i oppskrifta, men eg trur det kanskje er feil, for når eg ser på jakka mi blei ho egentlig litt lita ja. Så kanskje den heller er 0-3 mnd eller noko? Tvilar den passar til ein på 6 mnd :p men så er eg jo også håplaus på babystørrelsar :p
Slett