Perlestrikk er noko av det finaste eg veit! Så når eg fann denne jakka, så berre måtte eg strikka ho! Eg såg på bileta i boka, og tenkte at ja denne går det nok greitt å strikke og lite montering :) Men så starta eg å lesa oppskrifta (på engelsk attpåtil) og gud så tungvindt! Dei ville strikke ho frå bunn og opp, greitt nok, MEN, dei ville strikke ho i 3 delar som skulle settast saman når du skulle sette på armane. "Nei takk!" tenkte eg (eg likar best enkle ting, utan for mykje montering). Eg såg jo at denne jakka kunne strikkast myyykje lettare enn som så. Desse amerikanarane altså, skal alltid gjera ting så vanskeleg! Så eg satt i gong med å endra mønsteret, for jakka, den skulle eg strikke! Og jaggu meg gjekk det lett som bare det :) Så det eg gjorde var å starte på toppen og strikke ho ned, det var jo berre å lese oppskrifta baklengs. Armane blei strikka rundt og rundt, i staden for att og fram, og dei 3 delane som du opprinnelig skulle strikke den nedre delen i, blei i eit stykke. Sum summarum så var alt eg trong å gjere etterpå å feste trådar og sy saman eit lite hull under kvar arm. Perfekt! Og resultatet likte eg kjempegodt, så eg vil prøve å strikke ho i større størrelsar også etter kvart :)
Ta-da! Men litt for stor til dukka da :P |
Syns perlestrikken gjorde seg veldig godt :) |
Mønster: Matinee Jacket frå "Vintage knits for modern babies" Garn: Duett Pinne: nr. 4 Garnforbruk: i underkant av 3 nøster Størrelse: 3-6 mnd. |
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettFor ein veldig fin blogg du har! Kom berre tilfeldivis over den når eg satt å googla etter div. strikkemønster. Kjem nok te å kike innom her framover ja:) Kjekt å hente litt inspirasjon frå andre likesinna:) Lykke til med flytting og ny jobb! -Anne, Stryn.
SvarSlettTakk for det! Er alltid like hyggelig å høyre når folk likar bloggen, det gir ekstra motivasjon til å fortsette :) Håpar du tittar innom inni mellom :)
Slett