Når du gir eit gåvekort som seier at eg skal strikke det bursdagsbornet ønsker, så må du ta det du får. Du ber jo om det. For denne bursdagsjenta ville ha eit skjerf. Og det skulle vera raudt. Og langt! Og i rillestrikk. Wohoo! Verdas mest keisame strikkeprosjekt... Men resultatet blei i det miste bra og med tjukt garn og pinnar så gjekk det heldigvis unna! :)
|
Hallveis, og det ville ingen ende ta!
|
Men det blei i alle fall langt nok håpar eg
|
|
|
Eller kva? |
|
Eg lagde slike tustar på enden for å sprite det litt opp |
|
Langt, langt skjerf |
|
Mønster: Fri "fantasi" Garn: Eskimo 7 nøster trur eg Pinne: nr. 8 |
Eg brukte ingen oppskrift men om du skulle ha lyst å lage eit slikt ett så gjer du slik:
- Kjøp inn tjukt garn, gjerne Eskimo frå drops. Det er billig og det klør ikkje noko særleg. Til så langt skjerf eg har laga gjekk det ca 7 nøster.
- Legg opp x antall masker på pinne nr 8. Du legger opp til du syns det er breit nok. Eg trur eg la opp rundt 25 masker.
- Strikk til du går tomt for garn. Eventuelt la det vera litt igjen og sett på "tuster" på endane. Fell av og voila!
Enkelt og greitt!
God strikking!
Det enkleste er ofte det beste :P
SvarSlett