tirsdag 7. mai 2013

Korleis strikke flette utan flettepinne!

Eg sa i forrige innlegg at eg skulle legge ut ei beskrivelse av korleis du kan flette utan å bruke flettepinne. Eg lærte meg dette når eg strikka ballongbuksa, og det viste seg å vera ein kjempepraktisk teknikk!


Denne teknikken fungerar nok best med små fletter. Fletta eg skal bruke som eksempel her er over 4 masker, dvs, du tar 2 masker laust av på ein flettepinne, holder dei foran arbeidet (eller bak arbeidet, alt etter kva veg du vil ha fletta), strikkar dei 2 neste maskene og så strikkar dei 2 på flettepinnen. 

Så nå til det store spørsmålet; Korleis gjere dette utan flettepinnen?

Strikk til der fletta starter. Ta to masker laust av frå venstre pinne til høgre pinne, slik som vist på bilete. 

Strikk så dei neste to maskene. Dei to ytterste maskene er nå strikka, mens dei to innforbi er ikkje strikka. Nå må dei bytte plass!

Ta nå den venstre pinnen og stikk den inn i dei to maskene du har tatt laust av, slik bilete visar. (gjer det frå framsida om du skulle ha holdt maskene foran arbeidet)

Og her kjem trikset: Nå skal du dra ut den høgre pinnen, slik at dei to maskene du tok laust av nå er på venstre pinne, og dei to du har strikka dett av pinnen. Dette kan vera litt vrient i starten, men det kjem seg med trening. Eg tar å holder ein fing litt på maskene, slik at dei ikkje forsvinn eller raknar opp.

Stikk så høgre pinne raskt og smidig inn i dei to maskene som svever laust. Og vips, så har maskene skifta plass!

Her har maskene bytta plass! Nå kan du strikka dei to maskene som enda ikkje er blitt strikka.

Vola! Så er fletta strikka ferdig, då er det berre å fortsette til neste flette og repetere!

Håpar at denne forklaringa gir noko meining for andre enn meg! Gi meg gjerne tilbakemelding om du syns forklaringen er forståelig eller det er noko som er uklart. Denne teknikken kan virke litt knotete i starten, men den er kjempeenkel når du berre får dreisen på det, og ikkje minst effektiv! :)


4 kommentarer:

  1. Jeg strikker også fletter over 4 eller 6 masker uten å bruke flettepinne, men jeg gjør det litt annerledes enn deg. Men resultatet blir det samme. Moro å se hvordan du gjør det; det skal jeg prøve neste gang! Takk for tips og flott forklaring!!!
    Ha en fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Korleis gjer du det da? Eg trudde det kun var denne metoden, så nå blei eg litt nyskjerrig :)

      Slett
  2. Dette må jeg prøve :-) Forklaringa di så veldig fin ut :-D

    Ha det godt - klem Siv

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, håpar foklaringa kjem godt med :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)