Jakka eg aldri trudde skulle bli ferdig, er nå FERDIG! Det var hallelujastemning i heimen når eg strikka dei siste maskene, for denne har tatt laaaang tid! Men når du velger å strikke ei jakke i str. 2 år, i babyull på pinne 3, med mykje glattstrikk, ja då ber du vel egentlig om det! Jakke blei etter min meining, god og romslig, så forhåpentligvis vil den ha lang brukstid, men som vanlig har den ikkje nokon mottakar, så den får ligge fint i strikkekurven!
|
Jakke i rooosa! |
Oppskrifta fann eg på nettsida til familiejournal.dk. Dei har mykje fine oppskrifter, og denne her fallt eg for med ein gong. Jakka krever ein del arbeid, men eg syns det var verdt det. Du startar med å strikke fletta på langs, og når den er ferdig tar du opp masker for å strikke hals, før du tar opp masker på motsatt side og strikkar nedover.
|
Flette rundt halsen |
|
Supersøte treknappar! |
|
Ein stk ferdig jakke! |
|
Baksida |
|
Fletta bak |
I kjent stil måtte eg endre litt på oppskrifta, men denne gongen var det god grunn til det. Oppskrifta ville at vrangborda skulle ha eit veldig merkelig (og egentlig nokså stygt) mønster, med hull og fletter. Dette syns eg ikkje passa, så eg gjorde likt som på halsen både på armane og på vrangborda nederst på jakka. Eit klokt valg syns eg!
|
Min versjon av vrangbord på armane |
Viss eg nokon gong strikkar denne jakka igjen så kan eg love deg at det ikkje blir i str. 2 år! Då blir det heller den minste størrelsen, for eg liker jakka, eg liker berre ikkje at den tar så lang tid å lage! :P
WOW! Supersøt jakke! Jeg syns du har vært kjempeflink å fullføre denne, hadde aldri orka så mange vrangmasker, hvertfall ikke på så tynne pinner. Utrolig fin den fletten ble og jeg syns det passet godt med vrangborden. Det er jo fletten som skal vise;)
SvarSlettDet blir en heldig mottaker når den tid kommer:)
Takk! Det var på hengande håret også at denne jakka blei ferdig! Den er mange ganger lagt bort og tatt fram igjen. Men eg syns ho var så søt at det nesten var for gale å ikkje fullføre! :) Kjempe fornøgd er eg i alle fall, både når det kjem til resultat og innsats!
SlettJeg har strikket denne jakken 6 ganger i ulike størrelser, og har brukt den opprinnelige vrangborden alle gangene. Det blir veldig fint! Jeg har brukt alpakkaull(tynn), og det blir veldig, veldig fint! Holder seg fint og veldig mykt.
SvarSlettOi, du har virkelig fått prøvd deg på dette mønsteret :) Denne eine jakka held for meg ei stund fremover, men eg vil nok prøve meg på ein mindre størrelse med tida :) Eg klarte ikkje helit å sjå for meg korleis den originale vrangborden ville bli, og når eg prøvde med eit par omgangar syns eg ikkje det såg så fint ut, men godt mulig at dette ville blitt bra om eg hadde strikka vrangborden ferdig slik :)
SlettFor en nydelig jakke. Kan fint se for meg at du ble lei av å strikke denne, mye vrangmasker er drepen! :P Må også si at jeg syns du har en kjempefin blogg, skal legge meg til som følger med en gang. Moro å se at det er flere på min alder som strikker :)
SvarSlett