Nylig fikk eit vennepar av oss ei lita søt jente. Sjølvsagt måtte eg strikke noko til denne lille herligheten. Logestikken har ikkje vore den beste i det siste, så strikkeprodukt produsert til gåveeska er vesentlig høgare enn strikkeprodukt som går ut av gåveeska. Det var derfor mykje å ta av! Eg fylte like så godt opp ei lita eske med diverse strikkeprodukt som dei fekk i barselgåve:
|
It's a girl! |
|
Mjukaste bamsen og mykje strikkerier! |
|
Gåva blei godt tatt imot av fornødde foreldre |
Eg strikka i utgangspunktet eit sett som skulle bli barselgåva, men som dykk ser blei eg litt reve med! Det var ikkje så mykje som var passelig enda, sidan det var ei veldig lita jente, så eg gler meg til å sjå korleis det vil bli på ho når ho veks litt til. Noko er ting som er blogga om før (som
denne toppen og
desse sokkane), mens noko er nytt og vil komme på bloggen etter kvart. Så ta ein titt innom framover om du vil sjå kva som var i eska!
Litt av ein barselpresang!
SvarSlettDe blei kjempeglad for han og eg har allerede fått sitt flære av plaggene i bruk :)
SlettJa det var litt av en gave! Heldige de som fikk den! :-)
SvarSlettHehe, ja eg blei litt reven med ;) Men den blei veldig godt mottatt! :)
Slett