Eit kvart antrekk treng litt tilbehør. I løpet av denne hausten har eg funne ulike oppskrifter som eg lika veldig godt, og tilbehøret passer så fint til mange ulike sett! Både lue, votter og skjerf/halstørkle har blitt strikka.
Fyste mann ut er lua. Dette er ei utrulig søt lue frå Tiddelibom, blomsterlua. Det er benytta ein ny teknikk (for meg) for å strikke "blomane", og eg måtte klø meg litt i hovudet for å forstå beskrivelsen, men når eg først forstod den var det nokså enkelt.
|
Mønster: Blomsterlua Nettside: tiddelibom.no Garn: Merinoull frå Sandnesgarn Pinne: nr. 3 og 3,5 Størrelse: 0-3 mnd Garnforbruk: 30g |
|
Blomsterdetaljer |
Neste mann ut er også frå Tiddelibom.no, og er huttemegtu vottene. Dei er utrolig søte, og går veldig raskt å strikke. Ettersom det ikkje går så mykje garn, er dette perfekt restegarnstrikk. Også her var det ein "ny" metode, men denne har eg strikka før, så det gjekk fort å forstå oppskrifta. Vottane skal egentlig strikkast på pinne 3 og 3,5, men eg strikka heile votten på 3,5, syns vrangborden blei litt stram på pinne 3.
|
Mønster: Huttemegtu votter Nettside: tiddelibom.no Garn: Merino Extra fine frå Drops Pinne: nr. 3,5 Størrelse: 0-6 mnd Garnforbruk: 156 |
|
Detaljer frå mønsteret |
Siste mann ut er et halstørkle frå Klompelompe. Eg ahdde eit nøste til overs frå eit tidlegare prosjekt, og dette virka som den perfekte oppskrifta for å kvitte seg med det.
|
Mønster: Perlestrikket halstørkle Hefte: Babystrikk av Klompelompe Garn: Tynn merinoull Farge: Klompelompe 4042 Pinne: nr. 3 Størrelse: Nyfødt Garnforbruk: 25g |
|
Baksida |
|
Tilbehør; Lue, Votter, Halstørkle og Sko |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)