torsdag 20. august 2015

Olas shorts

@knitsandpieces har den siste tida kome ut med nokre flere oppskrifter. Eg bestemte meg for å prøve den som heiter "Olas shorts". Tilfeldigvis hadde eg passande garn i garnsamlinga mi, så her var det berre å sette i gong. Buksa blir strikka i eit stykke, noko som vil sei minimalt med montering. Effekten med lommane på framsida er ein morosam effekt og blir laga enkelt ved å strikke nokre ekstra knappehull.  

Som du ser av bilete har denne vore ferdig ei stund....
Oppskrifta og andre oppskrifter frå Knitsandpieces kan du finne på ravelry

Framsida

Baksida

Mønster: Olas shorts
Garn: Merino Extra Fine
Størrelse: 6 mnd
Pinne: nr. 3,5 og 4
Garnforbruk: 71g