Dette prosjektet skulle bli starten på min store strikkekarriere. Eg fann ut sist haust at eg hadde lyst på en Mariusgenser og enklaste måte å skaffe seg ein var å strikka ein fann eg ut! Mamma meinte på at det var litt ambisiøst som fyrste store strikkeprosjekt, men eg køyrde på. I starten var det vanskelig å sjå enden, men det gjekk overraskande fort på fram, den var ferdig før jul! Sjølv om eg likar den originale Mariusgenseren, bestemte eg meg for å strikka den med ein vri, eg valde fargane svart, kvitt og grått, på denne måten kunne eg bruke den til alt.
Eg likte veldig godt å strikka denne genseren, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir strikka ein til! (sjølv om det tok veeeldig land tid!) Den blei forresten strikka i Falk frå Dalegarn, eit garn eg likar veldig godt og brukar ofte.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgw-MaNI1KHrqcimtxZM-esKquhbesXzFwpyPZa7HBZWgGzOOBupQRP2o-1pXmNTciOrrIrS_JSyHCSlN0r14aHXyTMTyZuDfDk-71DVsDA1AbVBfbJtvBuEn9nrHB6FZ5YiXb7rTHWHpA/s320/Marius+2.jpg) |
Var ganske så stolt når denne vart ferdig strikka! |
Sidan eg ikkje har strikka nokon genser før, har eg heller ikkje montert ein genser før. Då er det godt å ha ein snill mamma som hjelper til, ho monterte heile genseren for meg! :) Eg bør nok læra meg å gjera det sjølv på sikt, men resultatet blei uansett bra!
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEik4wNxhU5LYwoXivm3IhFF_5qntpJ9XEHcdcAr8EQyzIB46_AMvcMyxNMrBSc_jJ7AHOL6m3HX8DUKT0w5vrP-l9xOAvrDqj4dKeeSTBI5G9tttlNf3GYRzMwcnGqC8sY_z0yLHREdSlE/s320/Marius+3.jpg) |
Ferdig! |