lørdag 15. februar 2014

Riller i lange baner!

Nok ei barselgåve er gitt bort, og den nye verdensborgaren kom til verda for nokre dagar sidan. Eg blei ferdig med denne rundt jul, men ting tar tid! og nå kjem den endelig på bloggen!

Eg har lenge hatt lyst til å prøve mønsteret på rillejakka i Myk Start boka, og endelig var det ein passande anledning til det. Men det er jo så mykje fint i riller, så heile settet inkludert tilbehøret blei i riller. Det blei ein god match syns eg! Heile settet er strikka med garn eg fann i garnlageret mitt. Godt eg hamstra inn ein del under Drops-salget. Jakka er strikka nokre masker lengre på armane og eg har hekla kant rundt heile jakka med unntak av halsen.

Eg hekla ein enkelt kant rundt jakka

Heile settet


Alt tilbehøret; lue, smetteskjerf, vottar og sokkar, alt i riller!

Mønster: Babylue frå Nøstebarn
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-6 mnd
Djevellua er ein klassikar, og jenteversjonne til Nøstebarn utan spiss er berre nydelig syns eg.

Mønster: Votter frå Myk start
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-6 mnd

Mønster: Smetteskjef frå Myk start
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-1 år

Eg har med dette skjerfte gjort det same som ved det eg viste i forrige innlegg strikka i spiss i endane, istaden for heilt firkanta slik som i oppskrifta. Smetteskjerfet er ein ny favoritt her i huset! 

Mønster: Sokker på to pinner frå Myk start
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 4-8 mnd

Eg strikka rundt og rundt, og slapp faktisk unna samansying. Ingenting er betre! Også her hekla eg ein enkel kant rundt toppen av sokken slik som jakka. Eg strikka også ei reim som eg festa og pynta med to knappar like som på jakka. 

Mønster: Jakke strikket i ett stykke frå Myk Start
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 4-6 mnd
Når settet blei overlevert var det ei stk fornøg snart mamma som tok gledelig imot. Eg gler meg til den vesle tulla blir stor nok til å bruke det! 

søndag 9. februar 2014

Barselgåve i blått

Ei lita barselgåve til ein liten gutt som enda ikkje har meldt sin ankomst. Enkelt strikk, men eit yndig sett syns eg! Blir berre meir og meir glad i riller i grunn, det enkle er ofte det beste!

Mønster: Tophue med tupp og smetteskjef frå Myk start
Garn: Babyull
Pinne: nr. 3
Størrelse: 0-3
Eg gjorde ein litan vri på smetteskjerfet, sidan oppskrifta i myk start har rette endar, mens eg ville ha endane i spiss. Dette gjorde eg enkelt med å legge opp tre masker og øke 1 maske i begynnelsen av pinnen (innanfor første maske) og tilsvarande felle 1 maske til det er 3 masker i gjenn i andre enden. Dette gjorde eg til eg hadde like mange masker som eg skulle hatt opprinnelig i oppskrifta. Videre strikka eg etter oppskrifta.

søndag 2. februar 2014

Fletteluer

Det blei laga ein del luer før jul og dette er to av dei. Begge med flettemønster, men likevel er dei nokså ulike. Men fine blei dei syns eg! Begge oppskriftene har eg funne på Ravelry.com som gratisoppskrifter (på engelsk) og begge er strikka med garn eg fann heime. Dobbelbingo!



Mønster: I heart cables
Garn: Rubin 
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: Toddler
Garnforbruk: ca 1,5 nøste

Mønster: Mureke-pipo
Garn: Rubin og østlandsgarn
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 2-4 år
Garnforbruk: godt under 1 nøste av kvar farge