Viser innlegg med etiketten Vintage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vintage. Vis alle innlegg

søndag 8. mars 2015

Vintage romper med egen vri

Rundt juletider starta eg på ei gammaldags romperoppskrift, frå eit gamalt hefte. Det var ikkje eit skikkelig bilete av den, så eg visste ikkje heilt korleis den ville sjå ut. Eg kom ca så langt:


...når eg innsåg at oppskrifta var på ei bleiebukse, og ikkje ein romper... 
Så eg gjekk i tenkeboksen for å finne ei løysning på problemet, for eg ville ha ein romper, og ikkje bleiebukse. Eg innsåg at eg hadde ei lignende romperoppskrift liggande, som ville passe, og brukte denne som utgangspunkt for å fullføre prosjektet mitt. Og det funka! Eg blei fornøgd med resultatet :)

Framsida

Baksida

Bladmønster
  • Mønster: Bleiebukse fra Mamsell med egen vri
  • Garn: babyull fra Gjesdal
  • Pinne: nr. 3
  • Størrelse: 3-6 mnd
  • Garnforbruk: 76 g










søndag 25. januar 2015

Olivias omslagsjakke og romper

Romper. Mitt signaturplagg som det har blitt etter kvart. Også denne gong som barselgåve. Håpar dei som får romparane er like glad i romper som meg! Romperen blei gitt i skjønn forening med Olivias omslagsjakke. Til tross for navnet er denne jakka unisex, i alle fall etter mi meining. Jakka har same effekt på armane som "Lun genser" som er strikka for ei god stund sidan, og det er ein effekt eg likar veldig godt! 


Sett med lue, omslagsjakke og romper. 

Romperen som blei strikka denne gong kjem frå eit hefte frå Sandnesgarn (nr. 1408) og den har blitt strikka i mini duett, eit blandingsgarn av ull og bomull. 

Mønster: Kortbukse med seler frå Sandnesgarn hefte nr 1408
Garn: Mini Duett
Pinne: nr. 2,5 og nr. 3
Størrelse: 6-9 mnd.
Garnforbruk: 74g

Omslagsjakka er frå Pickles.no og den er berre supersøt! Eg falt pladask nå eg såg denne i "remake"-versjon for litt sidan, og har venta på ein passande anledning for å strikke denne. Eg syns at denne jakka i kombinasjon med romperen var ein veldig fin kombo!


Mønster: Olivias omslagsjakke frå Pickles.no
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 3 og nr. 3,5
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 116 g


Ei lue måtte også til, og sjølvsagt måtte det bli ein Clover Earflap Hat. Eg har faktisk mysta tellinga på kor månge slike eg har strikka! Men fine er dei!

Mønster: Clover Earflap Hat
Garn: Mini Duett
Pinne: nr. 3 og nr. 3,5
Størrelse: 3-6 mnd.
Garnforbruk: 24 g


Komplett sett!

onsdag 31. desember 2014

Teststrikking; Bleiebukse frå Tidilibom.no

I haust teststrikka eg ei bleiebukse for Tiddelibom.no. Eg syns den var veldig søt, og den gjekk fort å strikke. Då er det greit å teststrikke! Den er strikka i Merino Extra Fine og størrelsen eg blei bedt om å strikke var 3 mnd. Oppskrifta (med flerie størrelsar) kan kjøpast på nettsida hennar, Tidilibom.no. 

Ferdig resultat!
 Belietrusa er strikka ei eit stykke, slik at framstykket og bakstykke heng saman. Enkel og genial måte å strikke slike plagg på syns eg! Det gjer også at den er morosam å strikke og lite montering (kun å strikke rundt beina etterpå).

Baksida, mønsteret går heile vegen
 Det stod i oppskrifta at det skulle gå med 50g, altså 1 nøste. Det stemte ikkje heilt for meg, og det gjekk med heile 65g, og eg måtte derfor ut å kjøpe eit ekstra nøste.

Bleiebuksa sett frå sida

Mønster: Bleiebukse frå Tiddelibom.no
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 4
Størrelse: 3 mnd
Garnforbruk: 65g

mandag 29. desember 2014

Vintage babyromper med nydelige fletter

Tidligare i haust kom eg over eit bilete av ein romper når eg googla rundt. Eg fall for han med ein gong med dei fine flettene sine. Og dykk har vel forstått at eg er hekta på rompere? Så eg starta å saumfara internett for å finne oppskrifta, og trur du ikkje eg klarte det til slutt? Oppskrifta fann eg, det var ei engelsk oppskrift, men det gjer jo ingenting! (link til oppskrift her)

Det var dei fine flette som går langs sidene og opp på  selane eg fall for
 Etter å ha diskutert litt med nokre veninner når me hadde strikkekveld, så kom eg fram til at den lys lys grønne fargen på nokre Baby Merino nøster endelig skulle få sjå dagens lys. Noko eg var veldig nøgd med, for eg hadde gått lenge og grunda på kva eg skulle bruke denne fargen til.

Nydelige detaljer!

Baksida, også med dei fine flettene. 
 Som regel klarer eg å finne knappar i lageret mitt, ettersom eg har samla opp ei god samling, men denne gong såg eg nokre knappar på den lokale strikkebutikken som ville passa perfekt! Dei kunne ikkje stått finaere til fargen.

Flettene går opp langs sida og fylgjer så bak på selane.
Eg vart omså spesielt nøgd med knappane, passa perfekt til fargen! 
 Eg strikke det aller meste av oppskrifta til punkt og prikke, det einaste eg gjorde om var skrittet. Eg tenkte at det ville vara mest praktisk å ha knappar i skrittet. Eg brukte då den nye metoden min, som eg også brukte på Solskinnsdrakten frå Paelas; men denne gongen med berre 3 knappar ettersom størrelsen ikkje er så stor. Å endre ein drakt utan åpning i skittet til å få det er nokså enkelt, du gjer berre slik;

Når du legg opp masker til å starte forstykket strikkar du først f.eks. riller slik eg har gjort (ca 4 riller) før du går over til å auke slik oppskrifta seier. På bakstykket gjer du det same, men strikkar inn knappehol f.eks. etter 2 rilla. Denne gongen laga eg eit knappehol midt på. Når drakta er ferdig og du skal strikke rundt beina (strikker dette at og fram f.eks 1r, 1v) strikker du inn eit knappehol på bakre del etter nokre omgangar, må etter knappeholet som allereie er der, slik at dei kjem ca på linje. Med å strikke knappehola slik, unngår du at du får to lause flikar når du strikkar beinkanten att og fram. Det ser mykje finare ut!

Knappar i skrittet

Fletter langs heile sida

Mønster: Cable Playsuit
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinnestørrelse: nr. 2,5
Størrelse: Infant size (one size)
Garnforbruk: 69g

fredag 26. desember 2014

Maritim Solskinnsdrakt

Etter å ha sett eit kjempefint bilete på instagram av ein solskinnsdrakt som var strikka med eit maritimt innspel. Garn fann eg liggande i lageret mitt, så då var det berre å setta i gong. Garnet eg fall på denne gong var Merino Cotton frå Drops. Syns dette garnet er veldig godt å strikke med. 


Skulderpartiet er nok av det finaste med heile drakta syns eg!

Mønster: Solskinnsdragt fra Paelas.com
Pinne: nr. 4 + nr. 2,5 til midjepartiet
Størrelse: 1 år
Garnforbruk: Blå ca 100g, kvit va 30g

Det er ikkje fyrste gong eg har strikka denne, den blei også strikka tidligare i somar (du kan lese om den her), men den er så søt at det ikkje gjorde meg noko å strikke den ein gong til!


I motsetning til førre gong, blei denne strikka med knappar i skrittet. Dette er vel i grunn mest praktisk. Det einaste eg ikkje likte med oppskrifta når ein skulle laga knappehol i skrittet var at det kun var knappar i midtpartiet, mens kanten du lagar på buksebeina blir hengande å "flagre". Det eg derfor gjorde var å lage to knappehol på midtpartiet, idet du startar på drakta. I tillegg laga eg eit knappehol på kvar side når eg laga kanten rundt buksebeinet også, slik at desse kantane "heng saman", og får då totalt 4 knappar på rekke og rad. 

tirsdag 21. januar 2014

Babyrumper

Har du sett noko så søtt som ein babyrumper? Min fasinasjon med rumpere starta etter ein tur inne på bloggen til Gustav og Berta. Dei hadde laga dei søtaste babyrumperene som du kan tenke deg! Og best av alt, oppskriftene skal kome ut i ei bok! Ulempen; boka kjem ikkje før i mars/april... Utålmodig som eg er, så starta eg å leite etter slike oppskrifter. Eg fann litt rundt om på nettet, men ingen som var like fine. Til slutt fann eg ei bleietruse som eg syns var søt. Så då brukte eg den som utgangspunkt og gjorde den om til ein babyrumper. Eg hadde mine tvil underveis, og på eit tidspunkt syns eg det såg ut som den ville bli riktig så stygg. Men eg bestemte meg for å gjere den ferdig, noko eg er veldig fornøgd med, for resultatet blei mykje betre enn frykta! Den blei jo rett og slett veldig søt! 







Mønster: Bleietruse omgjort til rumper
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3 (trur eg.. eg MÅ bli flinkere til å notere dette!)
Størrelse: 3-6 mnd kanskje?
Eg har også funne nokre fleire mønstre på rumpere som eg tenker å teste fram til boka til Gustav og Berta kjem ut! 

mandag 6. januar 2014

Vintage babylue

...med bølgemønster og rusjekant!

I det siste har eg blitt meir og meir fan av gammaldagse eller "vintage" babystrikkeklede. Det er utrulig kor mykje fælt som blei laga før, men det er også utrulig kor mykje nydelig som også blei laga! Eg har brukt ein del tid på å finne gamle oppskrifter, og det er faktisk ein del å få tak i. Eg har funne ein god del på etsy.com og litt på ebay.com. Då er dei fleste oppskriftene på engelsk, men eg syns det går heilt fint å strikke etter engelske oppskrifter. Noko anna eg syns er eit størreproblem er strikkefasthet og pinnestørrelse. Eg får sjeldan dette til å stemme på desse gamle oppskriftene, då dei som regel brukar utgåtte garn, og dei engelske oppskriftene syns eg bruker veldig store pinnar på noko som ser ut som tynt garn. Som regel berre gamblar eg på ein kombinasjon som eg trur blir bra!

 I jula var vi også så heldige at vi (eg og syster mi) fekk låne ein heil perm med gamle norske oppskrifter frå ei vi kjenner. Ettersom det ikkje er copyright på dei lengre, så scanna vi likesågodt heile sullamitten! Og det var mykje fint! Eg gler meg til å få prøve ut nokon av desse! Men det får vel vente litt, for nå går vi inn i den mest hektiske perioden på jobb, så strikking blir det nok minimalt av...

Her er ein litan sneak peak av det vi fann:



Men tilbake til babylua som det var meininga eg skulle vise fram i dette innlegget. Eg såg ei på FB som hadde lagt ut eit bilete av jenta si med den mest yndige lua eg har sett! Sjølvsagt prøvde eg å finne denne oppskrifta, og trur du ikkje eg fann ei som var så godt som lik? Eg fann den på etsy.com. Igjen var det litt problemer med å forstå kva som eigentlig var strikkefastheten, men eg såg litt på andre oppskrifter og enda med å strikke lua i baby merino frå Drops og eg trur eg brukte pinne nr. 3. Eg strikka då den største størrelsen som var 9-12 mnd, sidan eg visste at eg brukte tynnare garn og pinnar. Resultatet var ei lue som er ca 3 mnd etter min meining. Eg har også endra den ytterste kanten til perlestrikk. 

Bølgemønster og rusjekant!

Perlekanten har eg lagt til sjølv

Baksida

Silkebånt som snorer for det lille ekstra

Mønster: Pink Set Bonnet frå Stylecraft 
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3 (trur eg)
Garnforbruk: under 1 nøste
Størrelse: ca 3 mnd
Det som var litt morosamt med denne lua er at mamma sa at eg hadde hatt ei liknande denne når eg va lita! Dumt den ikkje er tatt vare på!