Lommetøfler :)
Slik pleiar eg å gjera det:
- Legg opp 5 masker, og strikk rillestrikk att og fram ca 2 cm (dette blir halve "reima")
- Øk deretter med ei maske i staten av kvar pinne til du har 22 masker på pinnen.
- Strikk så ein omgang der du økar til 44 masker.
- Start så å strikk 2 rett og 2 vrang i ca 14 cm.
- Strikk så ein omgang rett der du fell til 22 masker (fell med å strikke 2 masker sammen)
- Nå skal det strikkes rillestrikk igjen, mens du feller ei maske i starten av kvar omgang til du har 5 masker igjen.
- Strikk så 2 cm og fell av.
- Nå skal dei sys isaman. Då brettar du heile tøffelen. Reima skal sys saman, samt begge sidene (kun der du har strikka r og v)
Eg har strikka desse i østlandsgarn på pinne 4. Ettersom dei viar seg ut vil dei passe dei fleste dame/jente-føtter :)
Eg satt min eigen tuch på dei med å hekla ein blom (det einaste eg kan hekla;)) som eg festa på til pynt, det går også an å feste på ein fin knapp til pynt :) På sesse har eg også lagt inn to striker grått, men eg syns eigenteleg at dei blir finast einsfarga.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhHZxnKGjuSCe8CtHFy6d_HsLY295v6B6jQHmW8AyvB8aRDspy6M4YUYohOLdWmMUzr6zq1CavT28zLic0Svhsam4lipuRQ2G2D03n-Hw0TSURLRKLhNLp5KdBA_W2sb2aGAXQBA03KrqM/s320/959748-11-1304692374973-n400.jpg)
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhhTtzjJbpozMMsFh3YW4w2x7wBh0XsKEzTH3iYr0OnsoBy89XU5XdltR9Mc-nEnG2wBgixQt_Yw3NA2yR7dzm7SxBjY2RR_Ce2FnCb_BWWNPdBwVQXTGQGTM-BCE94EgBoY1VWCqEUBFc/s320/959748-11-1304692365182-n400.jpg)
Håpar nokon får nytte av denne oppskriften.
Ps. setter pris på om du linker til bloggen min om du benytter oppskriften :)
Lykke til!
Hei
SvarSlettlikte denne oppskriften men for å se om jeg skjønte deg riktig hadde d vært kjekt m litt bilder underveis eller små snuter der du viser undervis :-) nybegynner og trenger å mates m t skje ;-)