søndag 1. mai 2011

Overflod av bambuspinnar!

Nå har eg endeleg komt meg opp til Bergen etter ein lang og god påskeferie. Kjenner det skal bli hardt å starte med skulearbeid igjen, men den tid den sorg! Uansett, når eg kom opp fann eg to pakkar som venta på meg i posten. Desse hadde eg venta på lenge:

Pakke nr 1:

Sokkerpinnar i bambus! Og det superbillig! Betalte vel rundt 100 kroner for alle disse tilsammens! (inkl. frakt)
Det er fem av kvar og det er 15 ulike tjukkelser, alle er 20 cm.  



Pakke nr. 2:


Her var det også bambuspinnar, men rundpinnar! Det er 11 ulike tjukkelser i lengdene 40cm, 60cm og 80cm. Trur desse kom på rundt 160-170kr, TILSAMAN! (inkl. frakt)



Det vil sei at eg fekk 75 stk strømpepinner og 33 stk rundpinner i bambus for UNDER 300kr, nesten gratis syns eg!



For eit kupp! Nå framover blir det nok berre strikka i bambus :)
Desse herlighetane kan bestillast på e-bay :) Veldig smart om du er glad i å strikke med bambus, og du sparer MYKJE med å bestille dei her :)  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)