søndag 15. mai 2011

Effektiv sundag!

I dag har symaskina mi, Berta, gått for fullt! Ein blir ganske så effektiv når eg fyrst sett seg ned! Eg har jo sydd ein del strikkevesker, men har ikkje hatt tid til å sy tilhøyrande mini-strikkepinneetui  til dei. Men det fekk eg gjort i dag :) 

 Eg skar klar stoff til alle saman før eg starta, og då gjekk det unna!

8 nesten ferdige strikkepinneetuier, må kun sy på ein trykknapp så er dei klar :)


Desse er utruleg praktiske, og passar fint i strikkeveska :)

Eg har framleis to igjen som eg skal bli ferdig med i kveld, og då har eg slike etuier til alle strikkeveskene mine, og i matchande stoff :)



Ps. Husk å meld deg på min strikkeveske- GIVEAWAY her :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)