mandag 9. mai 2011

Strikketips?

I løpet av helga har eg fått kjempemykje tilbakemeldingar på bloggen, noko som er kjempekjekt! Heilt overvelda av den responsen eg fekk! :)

Men ein ting som eg fekk nokre forespørslar var om eg ikkje kunne komme med strikketips, gjennom film eller bilete, om korleis ein gjer ulike ting f.eks. strikke hel på sokk osv. Er dette noko som fleire også har interesse av? Isåfall kva vil dykk ha tips om? Om det er interesse for dette skal eg sjå om eg kan klara å få til noko slikt :)

Det kom også etterspørsel etter litt oppskrifter osv. Det er ikkje alle oppskrifter eg kan legga ut her pga. copyright, men om det er interesse for det kan eg legga ut dei eg har laga sjølv og andre oppskrifter som ikkje vil stride mot copyrighten. 

Viss det er fleire ting dykk skulle ønskje at eg blogga om, er det berre å legge att ein kommentar så skal eg sjå om eg kan få gjort noko med det :) 

Tusen takk til alle som var innom bloggen min i helga, og eg håpar at flest muleg tar turen tilbake! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)