fredag 13. mai 2011

GIVEAWAY! :D

Denne bloggen har gått over all forventning etter at eg starta opp i oktober, eg har hatt mykje fleire besøkande enn kva eg hadde forventa. Spesielt når eg var "Helgens blogg" sist helg, har tilbakemeldingane vore enorme. Dette set eg utruleg stor pris på, og fann ut at nå var det verkeleg på tide med ein GIVEAWAY! 

Giveawayen blir denne gangen ei strikkeveske. Denne er utruleg praktisk til å oppbevare strykketyet i, eg brukar mine eigne heile tida, eit must for alle strikkeglade! :)


NB! For å kopiere bilete; venstretrykk på bilete slik at det kjem opp i nytt vindauge, høyreklikk og velg lagre bilete :) 

 Slik vil giveawayen foregå:
Kvart punkt nedanfor vil gi deg eit lodd, og du vil kunne få maksimalt 4 lodd.


  1. Kommentere på dette blogginnlegget.

  2. Poste bilete av giveawayen på bloggen din og linke til meg. 

  3. Bli følger av bloggen min på bloglovin eller lignende.

  4. Like dette innlegget på facebook (knapp nederst i innlegget) eventuelt legge ut link.

 Husk å skrive i kommentaren kor mange lodd det blir på deg, og om du ikkje har blogg sjølv så skriv mailadressa di sånt at eg kan få tak i deg om du skulle bli the luckey one! :) Trekninga blir foretatt neste sundag, dvs. 22.mai.

Spre ordet, og lukka til! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)