mandag 27. mai 2013

Oslo-anorakken #2

Oslo-anorakken til Pickles er blitt strikka for andre gong. Denne gongen på bestilling. Som eg har sagt før så er det ikkje så ofte eg strikkar på bestilling, men når mammaen til ei lita søt jente spør etter den fine Oslo-anorakken var eg rask med å seie ja. Den er jo så morsom å strikke!

Denne gongen blei genseren strikka i Alfa frå sandnesgarn. Tidligare har eg strikka i Nepal og er fornøgd med det, men blei anna garn for å finne dei rette fargane denne gongen, Genseren blei strikka i størrelse 3-4 år, men eg strikka han eit par cm lengre både på bolen og på armane, slik at han varer ekstra lenge ;) 




Mønster: Oslo-anorakken
Garn: Alfa
Pinne: nr. 5
Størrelse: 3-4 år
Garnmengde: 250g lilla, 200g rosa
 

torsdag 23. mai 2013

Kjole med truse

...minus trusa!

Kjolen er strikka etter ei kjempe gammald strikkeoppskrift. Eg har også sett den i nyare versjonar, men eg strikka etter den gamle og antageligvis originale oppskrifta. Einaste forskjellen på denne og den nyare oppskrifta, så vidt eg kan sjå, er at blada oppe rundt halsen har "stilk". Eg fann ein heile haug med nydelige gamle oppskrifter på ein blogg og på denne sida finn du kjolen eg har strikka. Eg kunne tenke meg å prøve fleire av desse etter kvart.

Lilla bladmønstret kjole
Bladmønster
Detaljer nede på kjolen
Knapp bak på ryggen
Mønster: Kjole med truse nr.3
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3
Størrelse: 6-9 mnd (trur eg, dårlig husk)
Garnforbruk: Under 3 nøster
  

mandag 13. mai 2013

Djevellue med fletter

Ei lita lue, fiks ferdig i ein fei! 

Søt rosa "Djevellue"
Mønster: Djevellue frå heftet "Babystrik på pinde 3"
Garn: Baby Merino frå Drops
Garnmengde: Under 1 nøste
Pinne: nr. 3 sjølvsagt!
Størrelse: 6 mnd

tirsdag 7. mai 2013

Korleis strikke flette utan flettepinne!

Eg sa i forrige innlegg at eg skulle legge ut ei beskrivelse av korleis du kan flette utan å bruke flettepinne. Eg lærte meg dette når eg strikka ballongbuksa, og det viste seg å vera ein kjempepraktisk teknikk!


Denne teknikken fungerar nok best med små fletter. Fletta eg skal bruke som eksempel her er over 4 masker, dvs, du tar 2 masker laust av på ein flettepinne, holder dei foran arbeidet (eller bak arbeidet, alt etter kva veg du vil ha fletta), strikkar dei 2 neste maskene og så strikkar dei 2 på flettepinnen. 

Så nå til det store spørsmålet; Korleis gjere dette utan flettepinnen?

Strikk til der fletta starter. Ta to masker laust av frå venstre pinne til høgre pinne, slik som vist på bilete. 

Strikk så dei neste to maskene. Dei to ytterste maskene er nå strikka, mens dei to innforbi er ikkje strikka. Nå må dei bytte plass!

Ta nå den venstre pinnen og stikk den inn i dei to maskene du har tatt laust av, slik bilete visar. (gjer det frå framsida om du skulle ha holdt maskene foran arbeidet)

Og her kjem trikset: Nå skal du dra ut den høgre pinnen, slik at dei to maskene du tok laust av nå er på venstre pinne, og dei to du har strikka dett av pinnen. Dette kan vera litt vrient i starten, men det kjem seg med trening. Eg tar å holder ein fing litt på maskene, slik at dei ikkje forsvinn eller raknar opp.

Stikk så høgre pinne raskt og smidig inn i dei to maskene som svever laust. Og vips, så har maskene skifta plass!

Her har maskene bytta plass! Nå kan du strikka dei to maskene som enda ikkje er blitt strikka.

Vola! Så er fletta strikka ferdig, då er det berre å fortsette til neste flette og repetere!

Håpar at denne forklaringa gir noko meining for andre enn meg! Gi meg gjerne tilbakemelding om du syns forklaringen er forståelig eller det er noko som er uklart. Denne teknikken kan virke litt knotete i starten, men den er kjempeenkel når du berre får dreisen på det, og ikkje minst effektiv! :)


fredag 3. mai 2013

Ei ballongbukse til besvær!

Når strikkeprosjektet er 95% ferdig og det ender opp slik som dette her:

Endte i det minste opp med eit fint nøste
Ja, då er ikkje eg god å ha med å gjere. Det er veldig skjelden at eg strikkar så feil at faktisk må rekke opp så mykje på strikkeprosjekta mine. Som regel juksar eg det til, ettersom eg har angst for å rekke opp. Derfor blir det stor ståhei når eg faktisk må det. Fyrst var det samboaren min som fekk høyre det og så var det å ringe, litt på gråten, til mamma som sa det eg frykta mest: "det beste er nok å berre rekke opp og starte på nytt att, slik at du blir fornøgd med resultatet". So close! Men neida, her måtte det rekkast opp! Slik går det når ein ikkje klarer å telle skikkelig når ein legg opp maskene. Det blei tellekontroll ganske mange gonger når eg la opp for andre gong...

MEN, eg blei ferdig til slutt og her er resultatet:
Ballongbukse!

Enkle fletter
Eg har endra litt på mønsteret som dykk sikkert ser. Eg har strikka fletter istaden for å gjere slik som mønsteret ville ha det. Årsaken til at eg gjorde det slik er rett og slett at eg syns det blei finare, fletter gjer meir utav seg. Eg las også på bloggen til Meretemonstermønster at å strikke 3 masker vrang saman, slik som oppskrifta originalt er, ikkje var heilt optimalt.

Resultatet blei supert syns eg! Enkelt er det også å bytte om til fletter i oppskrifta, du strikkar berre 4 rette masker mellom vrangmaskene istaden for 5. Eg fletta like ofte som det skulle strikkast 3 vrangmasker saman i oppskrifta, slik at det var enkelt å følge med i oppskrifta. Underveis lærte eg meg også å strikke fletter uten flettepinne, kjempepraktisk! Innlegg med forklaring kjem i nærmaste framtid! :)

Buksa har blitt strikka i Mini Duett frå Sandnesgarn, eit herlig blandingsgarn av ull og bomull. Ypperlig som heilårsgarn. Fargen kjem litt dårlig fram på dei øverste bileta, den er egentlig meir grønn :)

Mønster: Ballonbukse
Garn: Mini Duett
Pinne: nr. 3
Størrelse: 6-12 mnd
Garnforbruk: litt over 2 nøster
Mønsteret er frå boka "All you knit is love", denne er å få kjøpt her. Det er mykje fint å dette hefte, og eg gler meg til å prøve fleire oppskrifter! :)

torsdag 25. april 2013

Garnproblem løyst

Vesten som eg hadde for lite garn til er blitt ferdig, med ein kreativ løsning. Når ein ikkje har meir garn, må ein rett og slett ta det ein har! Og resultatet blei nå ikkje så aller verst syns eg:

Fullført med litt grått

Grå hals og armar
 Eg har strikka denne vesten før, men då i ein størrelse større:
To søte små vestar

Mønster: Fin Flettevest
Garn: Duett og litt Duo frå Sandnes
Pinne: nr. 4,5
Størrelse: 2 år (til venstre) og 1 år (til høgre)
Garnforbruk: 2 år; i overkant av 2 nøster
1 år; i overkant av 1,5 nøster + litt til hals og ermer
 




lørdag 13. april 2013

Lun genser

Lun genser til meg sjølv! Den har vore ferdig veldig lenge, men nå kjem den endelig på bloggen. Oppskrifta er frå Pickles-jentene og garnet er også pickles sitt. Genseren er kjempemjuk, deilig og lett, ulempen er at du legg igjen spor etter deg overalt, for den røytar verre enn ei katt! Og det føltes ut som eg hadde ein hårball i halsen når eg strikka han. Men som sagt, supermjuk!

Mjuk og deilig genser :)

Armane er det finaste med genseren!

Ein laus tråd her og der, putt putt!
Mønster: Lun Genser
Garn: Pickles Angora farge Perlemor
Pinne: nr. 3,5 og 4

Størrelse: Small
 Garnmengde: i underkan av 175 g (ja, LETT genser)
Viss eg nokon gong skulle strikke denne om att, blir det nok i eit anna garn. Det held med ein hårete genser!

torsdag 4. april 2013

Babysett med bladmønster

Bladmønster er i vinden for tida, og derfor måtte sjølvsagt eg også strikke noko med det. Men istaden for å strikke "Bella-toppen" som går rundt på bloggane nå for tida, fann eg meg ei jakke eg ville strikka. Jakka er strikka med tjukt garn og tjukke pinnar, med andre ord, den er superrask å strikke!

Oppskrifta på jakka fann eg i hefte "Knit lace and leaves for baby". Oppskrifta er enkel, og den er lik uansett størrelse, du varierar berre garntjukkelse og pinnestørrelse. Eg valgte eit litt tjukkare garn frå samlinga mi, nemleg Big Merino frå Drops, og jakka skal då bli ca den største størrelsen. Oppskriftboka seier at størrelsen skulle bli ca 3-6 mnd, men eg vil heller tru at den er 6 mnd +++, eller rundt der. Ser einaste at armane blei litt korte, sjølv om eg strikka dei lengre enn oppskrifta, men det er kort modell. Oppskriftshefte har eg kjøpt på adlibris.no, tidligere capris.no (her kan du også finne boka eg har brukt lengre nede).

Supersøtt sett!

Bladmønster
Baksida
Mønster: Leaf Pattern Set
frå heftet Knit lace & leaves for baby
 Garn: Big Merino
Pinnar: nr. 4
Størrelse: 6 mnd ++

 Eg strikka også lue til i same settet:

Mønster: Bonnet frå heftet Knit Lace & Leaves for baby
Garn: Big Merino
Pinne:Nr. 4
Størrelse: 6 mnd ++

Eg måtte kjøpe eit ekstra nøste for å bli ferdig med lua (så mykje for lagerslanking), og då var det gar nok til å strikke eit par tøfler til for å gjere settet komplett!



Mønster: Pom-pom Booties frå boka Vintage Knits for Modern Babies
Garn: Big Merino
Pinne:nr 4 og nr 3,5
Størrelse: 1 år ca trur eg




Komplett sett!




onsdag 27. mars 2013

Lillies Top

Det nye hefte "Babystrik på pinde 3" av Lene Holme Samsøe har gått som ein farsott på strikkebloggar for tida. Så sjølvsagt måtte eg også gå til anskaffelse av dette! Og ingen anger her i gården, for dette hefte er berre herlig! Fyrste mønster ut for min del blei Lillies top. Eg har fått heilt dilla på vestar og denne likte eg kjempegodt. Gøy å strikke og utfallet blei supert!

Lillies top i blålilla, i forsøk på å strikke kjønnsnøytralt...

Mønster: Lillies Top
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 3
Størrelse: 0-3
Mengde garn: ca 1,5
Eg strikka toppen i Drops Baby Merino, eit garn som er tjukkare enn det oppskrifta sa, så eg reknar derfor med at vesten er litt større enn 0-3 mnd. Hefte har eg (syster mi) kjøpt på Sandnesgarn utsalg i Stavanger, men det er også å få tak i både på nett (f.eks rasmilla.dk) og i nokre strikkebutikkar (f.eks på Oslo City). Heftet er forresten på dansk, men i motsetning til muntlig dansk, er skriftlig dansk veldig forståelig og ingen problem å tyde.

søndag 17. mars 2013

Petrajakka

Har du sett noko så søtt? Denne jakka må vara noko av det søtaste eg har strikka! Og kven skulle tru at dette er ei restegarnjakke? Eg er for restegarnstrikk! Det grå garnet er rester frå Lavendeljakka og det lilla er rester frå Enkel kjole, perfekt match.

Fin fin i lilla og grått

Lilla detaljer

Søte lommer

Mønster: Petrajakka
Garn: Abuelita Tjukk Merino og Lorna's Lace Honor
Pinne: nr. 5,5
Størrelse: 1 år
Jakka er stort sett strikka etter mønsteret, men eg endra lommane litt med å legge til litt perlestrikk på toppen. Syns det gjorde seg godt :) Eg har ikkje satt i knappar enda, av den enkle grunn at eg ikkje har funne nokon knappar eg syns passar. Og på ein måte syns eg den er finast utan knappar, men om dei perfekte knappane skulle dukke opp, så blir det kanskje knappar likevel