torsdag 16. oktober 2014

Garnsafari i København

I sommar var eg ein tur i København, og som alltid når eg er på storbytur sjekkar eg korleis det er med strikkebutikkar rundt om (tips knitmap.com). Eg fekk også tips frå brukarar på instagram. Ut ifrå dette fann eg min topp 3 butikkar eg ville besøke.

Første mann ut var Rasmilla. Butikken ligger på Amager, men er berre ein kort tur med t-banen frå sentrum. Eg tok banen frå Kongens Nytorv og gikk av etter 2 stopp. Då er det berre ca 10 min å gå til butikken, som ligger i ei rolig sidegate. Butikken var veldig koselig og hadde mykje fint garn! Og ikkje minst billig. Hadde det ikke vore for at eg hadde et reisefølge å ta hensyn til, kunne eg nok blitt der ein time eller to!

Rasmilla Garn & Strik

Ein fin "liten" pose fikk vera med heim!

Neste stopp var Sommerfuglen som ligger midt i sentrum. Denne fall ikkje like godt i smak hos meg. Dei hadde i grunn eit godt utval med garn, men det var ikkje så mykje garn som eg villa ha strikka med. Men eg fekk likevel med meg eit (veldig dyrt) hespe med garn. 

Sommerfuglen

Nøstet som fekk bli med heim pga den nydelige grønfargen!

Siste stopp rett før vi skulle fra heim var Tusindfryd. Eg hadde sjekka denne ut på nettet og det såg ut som ein veldig koselig butikk med fint garn, så eg gleda meg veldig. Men den gleden skulle vise seg å vera kortvarig, ettersom dei hadde sommerstengt! I ettertid fann eg ein notis om dette på heimesida deira, men dei hadde ikkje endra dette på "åpningstider", så eg fekk meg ein bomtur...Likevel fekk eg tatt nokon snikbileter mens eg var der. Denne skal i besøkast neste gong eg er i København! 




Eg vil sei at Rasmilla var min yndlingsbutikk i København, og hadde berre Tusindfryd vore åpen vil eg tru den hadde vore nr 2!



6 kommentarer:

  1. Du hadde en deilig tur. :)
    Hilsen
    Janine

    SvarSlett
    Svar
    1. Det hadde eg! Håper det ikkje var siste gong :)

      Slett
  2. Det er alltid moro å jakte garnbutikker på "nye" steder! Ser ut som du fikk med deg mye fint garn hjem også :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er noko av det beste med å reise på storbyferie! Heldigvis er det ikkje så veldig lenge til neste slik utflukt ;)
      Skulle gjerne ha blitt med endå meir garn heim!

      Slett
  3. Tusen takk for tips! Skal til Køben om eit par veker, så då veit eg kor eg skal gå! ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra at innlegget kom til nyttet, det var meint som inspirasjon til andre som skulle reise dit :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)