søndag 2. oktober 2016

Kjappstrikka drakt og pilotlue

Når du treng ein rask barselgåve er kjappstrikka drakt frå Paelas perfekt. Den går, som navnet tilsier, veldig raskt å strikke og den er veldig søt på. Denne gongen blei den strikka i Ekstra Fine Merino frå Pickles. 

Mønster: Kjappstrikka drakt
Nettside: Paelas.com
Garn: Ekstra Fine Merino (Pickles)
Pinner: nr. 4
Størrelse: 0-6 mnd
Garnforbruk: 50g


I tillegg til romperen strikka eg pilotlua frå Klompelompe. Ei enkel men veldig søt lue. 


Mønster: Pilotlue
Bok: Klompelompe
Garn: Ekstra Fine Merino (Pickles)
Pinner: nr. 4
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 20g


2 kommentarer:

  1. Flott gave!
    Er ganske svak for rompere og har strikket noen fra klompelompe, pilotluen også og der er tilbakemeldingen at den sitter perfekt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Eg er svak for rompere sjølv, strikkar det heile tida :P Så bra at du får høyre at lua sit bra, så kan eg med god grunn strikke den i fleire anledninger :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)