torsdag 7. april 2011

"Blueberry" Waffle Socks

Endeleg klarte eg å bli ferdig med eit av prosjekta mine, det er sokkane Blueberry Waffle Socks! Men som du ser er ikkje mine så bueberry :P Eg blei kjempenøgd, og dei sitt utruleg godt på foten!

Blueberry Waffle Socks


Mønster: Blueberry Waffle Socks
Garn: Mor Aase
Pinne: 3,5

Desse blir det nok strikka fleire av, enkle, fine og gode på foten! :)

tirsdag 5. april 2011

Litt garn til overs? La det gå til ein god sak; Amandaprosjektet!

Eg har den siste veka lest eit par strikkebloggar som har snakka om Amandaprosjektet. Nyfiken som eg er måtte eg sjølvsagt finne ut kva dette var!

Det heile starta med eit par som mista dattera si, berre 10 dagar gammald. Under sjukehusopphaldet fekk dei vite at det var stor mangel på varme klede til dei små på nyfødtavdelingen, og at donasjonar av tepper, votter, sokkar, luer osv, blei tatt imot med stor takk. Det var då dei fekk ideen om å starte "Amandaprojektet", oppkalla etter dattera si. Dei oppfordrar alle strikkeglade til å donere bort noko av strikkeriet sitt, slik at dei kan levere det til Rikshospitalet. Det er heile tida stor etterspørsel ettersom barna får med seg heim dei strikkeriene dei får. For meir info om dette prosjektet kan du besøke heimesida deira eller facebooksida deira. 

Eg fann denne saka utruleg rørande, og har derfor tenkt å strikke litt til dette formålet innomellom dei andre strikkeria eg skal strikke denne våren. Når eg har opparbeida meg ein god samling tenkte eg å sende det inn til Amandaprosjektet :) Dette er også ein fin måte å kvitte seg med restegarn på, to fluer i ein smekk! 


Bilete er henta frå Facebook-sida deira

Håpar at det er fleire som blir inspirert av dette prosjektet, og som hat lyst å hjelpe til! Betre formål for restegarnet sitt finn ein vel ikkje? Det spørs kor mykje eg får laga, men alle munner drar! Eg vil halde dykk oppdatert på korleis det går med strikkinga mi til dette prosjektet utover våren :) 

søndag 3. april 2011

Uendelege strikkeprosjekter!

I det siste har strikke-tålmodigheita vore ekstremt låg. Eg syns at alt tek for lang tid, noko som resulterer i at eg startar på nye strikkeprosjekter før det fyrste er fullført. Dette er ikkje heilt likt meg, for som regel vil eg bli ferdig med eit prosjekt før eg startar på eit nytt. Men slik har det ikkje blitt den siste tida, berre i gårkveld starta eg på to nye prosjekt :P

 Inni her finn du tre strikkeprosjekter eg arbeidar på no. Dei vil bli posta her når dei er ferdige! :)
(forutsatt at eg faktisk blir ferdig!)



Det manglar iallefall ikkje på prosjekter som eg vil starta på, og når strikkekorga ser slik ut: 


Ein liten del av garnsamlinga mi!

Ja, då er det berre å velge eit garn og starte! Men eg skal prøve å få noko ferdig etter kvart, ellers har eg jo ikkje noko å skrive om her! ;) 

fredag 1. april 2011

Nok ein vott frå boka "Norske Votter"

Lenge har denne eine votten vore heila åleine, men i går fekk eg fingen ut og strikka hans make. Kjempefornøyd! Synes at dette mønstere er så fint! Berre synd at desse skal gis bort, må nok strikke eit nytt par til meg sjølv også! :)


Mønster: Finnmarksvotten frå boka "Norske Votter"
Garn: Falk frå Dalegarn
Pinne: 2,5 og 3 

Nå kjenner eg at det er lenge sidan eg har strikka vottar, så det er vel kanskje på tide å strikke nokre fleire. Eg har kjempemange oppskrifter som ligg og ventar på å bli prøvd ut :) 

torsdag 31. mars 2011

Mariusgenseren er ferdig strikka! :)

Endelig har eg fått strikka ferdig mariusgenseren etter ein liten pause! Nå gjenstår berre montering...

Endelig er to armar på plass

Mariusgenser klar til montering

Heldigvis er mamma kjempesnill og skal montere denne saman med meg når eg kjem heim i påsken! 

onsdag 30. mars 2011

Strikkekos i sola!

For ein gång skyld hadde eg litt fri frå skulearbeidet i dag, og tenkte at eg måtte benytta det fine været! Så eg tok med meg strikketyet og satt meg på terassen!

Fin utsikt mot Askøy og Askøybroa på eine sida...


..og Bergen sentrum på den andre sida, herleg! 


Men eg var nok litt vel opptimistisk. Vårsola er ikkje heilt på plass enda, og etter ein halvtimes tid måtte eg gå inn igjen. Men den er på veg i det minste! :)


mandag 28. mars 2011

Update!

Til tross for eit mindre tilbakeslag(!) går det endeleg på fram med mariusgenseren :)

To stk armar under produksjon!

Denne gången blir det brukt hjelpetråd slik at eg ikkje gjer feil igjen :P

lørdag 26. mars 2011

Pc-veske i mariusmønster

Denne blei eg ferdig med i gårkveld. Ny Mac, fortjener ei fin ny pc-veske!

Mønster: Marius
Garn: Mor Aase
Pinner: 2,5

Pc-veske i mariusmønster, elsk!


Sidan eg ikkje hadde mønster var eg litt spennt på om den ville passe, men eg blei kjempenøgd og den passar kjempefint! Nå kan eg endelieg ta med meg Mac'en min rundt omkring uten at den blir stygg :) Mariusmønster passar til ALT! :P

fredag 25. mars 2011

Vondt i strikkehjerte

Hater når dette skjer!



Hadde økt feil, og i og med at denne skal gis bort er det ikkje så gøy å gi den bort med feil, då blei dette resultatet!

Eg må innrømme at den låg ei stund slengt i eit hjørne etter eit raseriannfall då eg innsåg at eg måtte strikke den på ny. Det resulterte i at eg måtte ha ein liten pause frå heile genseren, og har derfor to halvferige prosjekter å vise til, men nå er den nye armen starta på i det minste ;)

søndag 20. mars 2011

London Calling!

I dag reisar eg på shoppingtur til London!


Bloggast når eg kjem att! :)