Jakka eg aldri trudde skulle bli ferdig, er nå FERDIG! Det var hallelujastemning i heimen når eg strikka dei siste maskene, for denne har tatt laaaang tid! Men når du velger å strikke ei jakke i str. 2 år, i babyull på pinne 3, med mykje glattstrikk, ja då ber du vel egentlig om det! Jakke blei etter min meining, god og romslig, så forhåpentligvis vil den ha lang brukstid, men som vanlig har den ikkje nokon mottakar, så den får ligge fint i strikkekurven!
 |
Jakke i rooosa! |
Oppskrifta fann eg på nettsida til familiejournal.dk. Dei har mykje fine oppskrifter, og denne her fallt eg for med ein gong. Jakka krever ein del arbeid, men eg syns det var verdt det. Du startar med å strikke fletta på langs, og når den er ferdig tar du opp masker for å strikke hals, før du tar opp masker på motsatt side og strikkar nedover.
 |
Flette rundt halsen |
 |
Supersøte treknappar! |
 |
Ein stk ferdig jakke! |
 |
Baksida |
 |
Fletta bak |
I kjent stil måtte eg endre litt på oppskrifta, men denne gongen var det god grunn til det. Oppskrifta ville at vrangborda skulle ha eit veldig merkelig (og egentlig nokså stygt) mønster, med hull og fletter. Dette syns eg ikkje passa, så eg gjorde likt som på halsen både på armane og på vrangborda nederst på jakka. Eit klokt valg syns eg!
 |
Min versjon av vrangbord på armane |
Viss eg nokon gong strikkar denne jakka igjen så kan eg love deg at det ikkje blir i str. 2 år! Då blir det heller den minste størrelsen, for eg liker jakka, eg liker berre ikkje at den tar så lang tid å lage! :P