fredag 4. februar 2011

Pakke i posten og enda eit nytt prosjekt :)

I dag låg det ein pakke og venta på meg i postboksen. "Det gjekk da fort", tenkte eg, ettersom eg bestillte dette på mandag, men glad blei eg! Eg har nemleg kjøpt meg stoff til eit nytt prosjekt, hovedsakleg uglestoff fordi det er så super søtt! Og det eg har tenkt å prøve å lage er ei strikkeveske! Har sett ein del av desse på nett, og har lagt min elsk på dei. Men eg har ikkje mønster, så det må eg lage sjølv. Blir det vellykka kan det hende eg legg det ut her :) Eg har ein symaskin i boden, som sikkert er eldre enn meg, men som aldri sviktar, likevel trur eg at eg ventar til neste helg når eg skal heim til Karmøy og mamma. Der er symaskinen vesentlig meir fancy (sjølv om eg ikkje heilt fattar han), og ikkje minst, der er det mamma-hjelp å få :P Eg har sydd på symaskin frå eg var ganske liten, men det var aldri hovudhobbyen så eg er ikkje heilt stødig på alt, og då er mamma god å ha!


Eg fekk til og med personlig lapp inni pakken, snakk om kundeservice! :)

Vist nokon har tips, råd eller mønster sett eg stor pris på det :)

Ha ei god helg alle saman!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)