tirsdag 1. november 2011

Greetings from Norway

Eit lite stykke Noreg;



I USA i somar møtte eg ei venninne som eg blei kjent med på utveksling i New Zealand. Ho er frå Detroit i Michigan, men vi møttes i Seattle. Det var utruleg gøy å møte ho igjen, det var jo 2 år sidan sist eg såg ho! Ingen av oss hadde vore i Seattle før, så det var gøy å kunne gjera alle turistgreiene når alt var nytt og spennande for alle, vi koste oss kjempemykje! :)

Men eg måtte jo sjølvsagt ta med nokon gåver frå Noreg! Og det måtte vera noko "typisk norsk". Eg ente då opp med brunost (sjølvsagt) og ostehøvel (det er tross alt ein norsk oppfinning!), melkesjokolade (nam!) og vottar i god gammaldags selbumønster (eg er jo ein sucker for selbustrikk!). Den norske gåva fallt godt i smak! Dei syntes sjokoladen smakte veldig godt, og ho elska selbuvottane! Skal vel litt til for å ikkje lika melskesjokolade og selbuvottar ;) Nå gleda ho seg til vinteren sa ho, slik at ho kunne bruka vottane,det er alltid kjekt å høyre slikt :) Brunosten, derimot, var eg litt skeptisk til om kom til å falle i smak. Eg personleg elskar brunost (som alle nordmenn), men det betyr jo ikkje at alle likar det :P Men ho tok utfordringen på strak arm! Men sidan eg gav gåva siste kvelden fekk eg ikkje sjå reaksjonen når ho faktisk smakte på han, men eg fekk i ettertid høyre at; "Eg er glad for at eg prøvde den, men trur eg foretrekk annan ost", haha! Fin måte å sei at den osten kan du få ha for deg sjølv! ;)  Jaja, dei veit ikkje kva dei går glipp av!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)