søndag 20. mai 2012

Hallo i luken!

Joda, eg lev framleis! 

Men med ein stille blogg og over 200 uleste innlegg på bloglovin må eg vel innrømme at eg har vore ein smule lost i det siste. Likevel ligg nå bloggen der i bakhovudet heile tida, og sjølv om det ikkje er blitt oppdatert noko, så betyr ikkje det at det ikkje blir strikka (for det blir det) :P Men det har foregått så mykje i det siste at eg rett og slett ikkje har hatt tid! For dei som er student er vel konseptet ganske kjent: Vår = eksamenstid, noko som inneber at eg er meir på skulen enn heime. Og etter som panikken kjem snikande, blir timane på skulen lengre og lengre. Kvifor har dei funne opp 8-timars eksamen med uendeleg pensum?!? Men eg kan trøste meg med at til sommaren så er eg FERDIG på skulen og skal begynne å jobbe (skrekk og gru), og ikkje minst flytte til ny by! :)

Og apropo flytte til ny by, det er noko anna spennande som har sjedd dei siste dagane. Me har kjøpt oss leilegheit i Oslo! :D Dette har vore ein lang prosess og eg hadde nesten gitt opp, men nå var det endeleg vår tur :) Har ennå ikkje sett han, men reiser i morgon (sundag) for å skrive under kontrakt og då får eg også sjå han for fyrste gong! :)

Men som sagt, så har det blitt strikka litt i det siste. Har litt begrensa med fritid, men litt strikking er det alltid tid til! Skal prøve å få blogge noko av det framover. I mellomtida vil eg visa fram dei überkule tinga eg har fått i posten:


Kule visittkort med logo på.
Geniale til å merke tinga eg lagar med størrelse osv.

Strikkexpressen-stasj

Håpar me bloggast snart!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer så mye med leilighet! Er ikke enkelt å finne noe i Oslo.. og finner noe man først liker så det garantert andre som gjør det også. Glad dere endelig fikk det til! FAKTISK så kjøpte samboeren min og jeg hus (halvpart av tomannsbolig)nå onsdagen som var! MORRO! Så blir vel heller lite tid til strikking framover med flytting om mindre enn en måned... og pakking og vasking er lettere sagt med ei lita jenta som snaart fyller 1 år!

    Kult stæsj du har fått deg da - skikkelig reklame for bloggen din, dét liker jeg! Lykke til med eksamner framover, må være godt å endelig se lyset i tunnelen;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Og gratulerer så mykje sjølv! Hus du, ikkje verst! :) Nei, det har ikkje vore lett i Oslo. Enten er det for dyrt, eller så er han ikkje fin, eller så tapar du budrunden :P Men til slutt blei det napp, heldigvis! Er ikkje midt i sentrum akkurat, men er berre 7-8 min med t-banen så er du på Oslo S, så er ikkje så verst :) Me også overtar om i underkant av ein månad, så blir mykje å gjere framover her også :P men er eg jo ikkje ferdig på skulen endå, så flytting og slikt må nok vente litt :P

      Ja, eg ser såvidt lyset i tunnelen når det kjem til skule nå. Det nermar seg! Men med ein 8-timars eksamen unnagjort, så gjenstår det fortsatt ein til på 8 og ein på 4, pluss me har karakterkrav, så er ikkje berre berre! Men snart er det i det minste SOMMARFERIE! :D

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)