onsdag 26. september 2012

Perleguri?

Ein ny epedemi har brøte laus her i heimen. Dei gode gamle perlene. Som i rørperler som skal strykast. På vegen heim frå jobben var eg innom Panduro og kjøpte inn perler og perlebrett, klar til å setta i gong! Å gud, så gøy det var! 

Perlemix!
 Smart som eg var så kjøpte eg ein perlemix, "då har eg jo litt av alle fargane", istaden for å kjøpe ein og ein farge. Vel, det resulterte i at eg sat å sorterte perler heile kvelden. Men litt resultater blei det etter kvart, sjølv om det tok litt tid. 

Det var sjølvsagt ein plan bak perlinga. Eg sat ikkje berre her å perla for å perla, neida, her skulle det lagast bordskånerar! Når du har flytta inn i ny leilighet, med nye møbler, er det ganske ukult med flekkar på det nye bordet. 

Så, VOILA: 

Uglebordskånere!
Kanskje ikkje så øveraskande at det blei ugler? Megakule blei dei i alle fall! 
Litt avhengigheitsskapande dette her, så eg var ein smule trøyt på jobben dagen etter!

4 kommentarer:

  1. Supertøffe bordbrikker! Blir ingen flekker på nye møbler med disse:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Blei kjempefornøgd med dei! :)

      Slett
  2. Så utrolig stlilge! Åh, nå fikk jeg lyst til å lage og, men med kuer. Er bonde(kone), og elsker alt med kuer på ;)
    Takk for en super idè!
    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Ja, go for it! Perling var jo kjempegøy! :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)