onsdag 3. oktober 2012

Ei mini mini jakke

Fordelen med å bli tvinga til å rydde gjennom flytting, er at ting og tang som du kanskje hadde gløymt dukkar opp. Og jaggu meg fann eg vel ikkje ei jakke eg hadde gløymt å blogge om? Den stakkars bortgløymde jakka er MINI jakka. Kjempesøt, og utan tvil verdt å blogge litt om :)


Halspartiet
Baksida

Mønster: MINI
Garn: Royal Alpakka frå Dalegarn
Pinne: nr. 3
Størrelse: 1-2 år
Garnet kjøpte eg på eit opphørsalg, og eg har endå nokre nøster igjen. Planen er å strikke noko tilbehør til jakka, eg er veldig fan av sett :P Syns det er kjekkare å gi bort då. Også manglar jakka knappar, rett og slett fordi eg ikkje veit kva knappar eg vil ha! Men når tilbehør og knappar er på plass vil det komme fleire og betre bileter :) 

2 kommentarer:

  1. Så søøøøt! Den fargen likte jeg veldig godt, er det litt sånn mørk lyngfarge? Blir nok enda søtere med knapper!:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Syns det mønsteret er så fint, enkelt, men fint :) Og eg veit om ei lue som vil passe kjempegidt til! Ja, det kan sjå ut som litt mørk lyngfarge :) Off..eg er så dårleg til å finne knappar, klarer aldri å bestemme meg :P

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)